Historisk vedtak i Stortinget for rettane til funksjonshemma
Eit fleirtal i Stortinget stemde tysdag ja til å innlemme FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i menneskerettslova.
– Det er kjempebra, og eit kjempestort steg framover.
Det seier Mia Larsen Sveberg, leiar i Norges Handikappforbund Ungdom (NHFU) på telefon til Framtida.no. Ho var til stades i stortingssalen då CRPD, FN sin konvensjon for menneske med nedsett funksjonsevne, vart vedteken.
– Det var veldig artig å få oppleve. Eg var der for første gong, og det er endå meir gøy, når ein får lov til å vere med når det er noko som kan endre framtida.
Kampsak i 20 år
I nesten tjue år har organisasjonane til dei funksjonshemma arbeidd for å få FN-konvensjonen inn i menneskerettslova på line med barne- og kvinnekonvensjonen.
Konvensjonen stiller krav til korleis medlemslanda skal leggje til rette for at også personar med nedsett funksjonsevne kan få oppfylt menneskerettane som finst i andre FN-konvensjonar.
Ein av seks i befolkninga har ei funksjonsnedsetjing. Dette inkluderer både menneske med fysisk, psykisk og kognitiv funksjonsnedsetjing og kronisk sjukdom.
Det endelege lovforslaget vart fremja i statsråd 29. august i år, og tysdag stemde eit fleirtal på Stortinget ja til lovforslaget med 58 stemmer for og 43 stemmer mot.
– Historisk dag
– Både Handikapforbundet og eg har jobba for dette i snart tjue år, og no er vi endeleg her! Dette er ein historisk dag for likestillinga og for Noreg som menneskerettsnasjon, seier leiar Tove Linnea Brandvik i Norges Handikapforbund til NTB.
CRPD-konvensjonen stod først på programmet i Stortinget tysdag, og Brandvik følgde debatten frå første stund og fram til avstemminga tysdag ettermiddag.
– Dette handlar om at alle barn skal ha ein sjølvsagd rett til å vere med. Det handlar om at alle skal ha ein plass i samfunnet vårt, i demokratiet og samfunnslivet elles. Det handlar om at ingen skal kunne behandle livet til funksjonshemma som mindre verdt eller til bry. Eg vil rette ein takk til regjeringa som foreslo likestilling av menneskerettane våre, og ein takk til dei partia som i dag vel å støtte forslaget, seier Brandvik.
CRPD-vedtaket har vore ei kampsak for fleire:
Frp og Høgre stemde mot
Berre Framstegspartiet og Høgre stemde nei til lovforslaget frå regjeringa. Dei meiner at rettane allereie er inkluderte i norsk lov, og at ei inkorporering ikkje er nødvendig.
Høgre har særleg peika på at konvensjonen kan få store konsekvensar for den allereie stramme økonomien i norske kommunar.
– Vedtaket handlar berre om at funksjonshemma skal ha like gode rettar som alle andre menneske, det burde vere heilt sjølvsagt. Difor er det trist at to parti på Stortinget ikkje vil støtte dette i dag, seier Brandvik.
Brandvik er ein av dei sentrale pådrivarane for å få FN-konvensjonen inn i menneskerettslova, og ho leidde den første politiske behandlinga av konvensjonen i Noreg då han vart ratifisert i 2013. I 2009 vart ho den første rullestolbrukaren på Stortinget då ho møtte fast som vararepresentant for Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) medan Strøm-Erichsen vart forsvarsminister.
Fullt galleri
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) ser også vedtaket som historisk.
– I dag har dei folkevalde gjort eit historisk vedtak. Dette er ein lagsiger utan sidestykke. No ryddar vi all tvil til side: Personar med funksjonsnedsetjingar har etter lova nøyaktig dei same grunnleggjande menneskerettane som andre. FN-konvensjonen for menneske med funksjonsnedsetjingar har no same vekt og betydning i lova vår som Kvinnekonvensjonen og Barnekonvensjonen, seier generalsekretær Lilly Ann Elvestad i FFO i ei pressemelding.
Under debatten i Stortinget var galleriet heilt fullt. Dei frammøtte var representantar frå organisasjonane, eldsjeler og personar med funksjonsvariasjonar som har jobba for denne saka i fleire tiår, opplyser Elvestad i ei pressemelding.
Framleis ein veg å gå
Sveberg i NHFU understrekar at vedtaket handlar om at dei med funksjonsnedsettingar skal ha dei same rettane som andre i samfunnet. Ho peikar på at dei er den største minoriteten i landet.
– Vi har framleis kjempelangt å gå. Det er framleis folk som ikkje får gått på nærskulen sin eller halde fram i jobben sin.
Ho meiner CRPD kan gjere kampen vidare enklare.
– No må CRPD vere med i bakhovudet til dei som tek avgjerder, uansett.







