Maria Corina Machado kjem ikkje til fredsprisutdelinga

Fredsprisvinnar Maria Corina Machado er ikkje i Noreg og kjem ikkje til å vere med på utdelingsseremonien onsdag.

NPK-NTB
Publisert

Det opplyser sjefen for Nobelinstituttet, Kristian Berg Harpviken, til NRK.

– Det er altså sånn dessverre at ho ikkje er i Noreg no, og kjem ikkje til å stå på scena i Oslo rådhus klokka 13.00 i dag, seier Harpviken.

Det har vore i det blå om Machado kunne ta imot fredsprisen sjølv. Nobelinstituttet har jobba for å få henne til Oslo og forsikra seinast i helga at ho ville dukke opp.

Venezuelanske styresmakter har trua med at ho vil få status som rømling dersom ho forlèt landet fordi ho blir etterforska i fleire saker. Om opposisjonsleiaren returnerer til Venezuela, kan ho bli pågripen eller nekta innreise.

Det var planlagd ein pressekonferanse med henne på Nobelinstituttet tysdag klokka 13, men den vart avlyst.

Sjølve prisutdelinga skal skje onsdag, i dag.

President Nicolás Maduro styrer Venezuela med jernhand og har slått knallhardt ned på opposisjonelle og kritikarar.

Machado vart nekta å stille til val i fjor, og ho har gått i dekning i frykt for å bli pågripen.

Styresmaktene proklamerte Maduro som vinnar, men opposisjonen, fleire land og internasjonale organisasjonar meiner det var Machados erstattar Edmund Gonzalez Urrutia som vann. Han er i asyl i Spania.