Etterlyser eit nasjonalt ungdomsråd

Arbeidet for å sjå på nasjonalt ungdomsråd starta for fleire år sidan. No er det på tide at arbeidet blir til vedtak, meiner leiaren av Sentralt ungdomsråd i Oslo.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Har du eit nasjonalt ungdomsråd, så har du faktisk eit organ som jobbar spesifikt for deg, og den politikken Stortinget produserer. Då får du både direkte medverknadskraft til Stortinget og det blir på ein måte ei plattform der unge også kan bli representerte.

Orkidee Farzehsaeid (17) er leiar for Sentralt ungdomsråd i Oslo. Ho etterlyser eit nasjonalt ungdomsråd.

I dag er alle kommunar lovpålagde å ha ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom. I tillegg finst det fylkesungdomsråd, slik Sentralt ungdomsråd er for bydelane i Oslo.

Eit argument 17-åringen ofte høyrer mot å etablere eit nasjonalt ungdomsråd, er at ungdommane allereie får ytre meiningane sine i lokale råd. Ho meiner det kan bli for mange ledd før ein får unge meiningar som høyringssvar.

– Vi i Oslo kjem jo alltid til å gi Oslo-stadspunkta våre på kvifor noko er relevant, og det same kjem alle andre fylke til å gjere. Men når du får eit nasjonalt ungdomsråd, så får du faktisk menneske som får moglegheita til å setje seg inn i kvifor den politikken som blir føreslått, er viktig for unge generelt, og ikkje berre unge nøyaktig der du bur.

Lang prosess

Diskusjonen om nasjonalt ungdomsråd har gått lenge. Leiarane av dei fylkeskommunale ungdomsråda leverte i juni 2023 ein rapport med argument for eit nasjonalt ungdomsråd og forslag til samansetning og organisering til dåverande barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ifølgje Farzehsaeid var Toppe positiv til eit nasjonalt ungdomsråd.

– Status no er at vi veit ikkje heilt korleis det er, sidan det er ein ny statsråd. Vi skal la dei kome inn i jobben litt, men vi håpar absolutt at det skjer.

Usemje om utforminga

Nettverket for fylkesleiarane av ungdomsråda i Noreg møtest digitalt ein gong annakvar månad, og fysisk eit par gonger i året.

Korleis eit nasjonalt ungdomsråd skal sjå ut og fungere, er noko som blir diskutert mellom dei, og som det er ulike meiningar om.

– Skal det vere fylkesleiarnettverket som blir det nasjonale ungdomsrådet? Eller skal det vere eit krav om at du må ha vore leiar i eitt år, og så etter det kan du gå inn i det nasjonale ungdomsrådet? Korleis skal vi gjere det? spør Farzehsaeid.

I rapporten som vart gitt til barne- og familieministeren, støtta alle representantane ønsket om oppretting av eit nasjonalt ungdomsråd, men det var usemje om omfanget av det.

– Vi har fokusert mest på å faktisk få dette vedtatt og at det faktisk skjer, og så kan vi snakke om korleis vi skal gjere det då, seier leiaren av Oslo-rådet.

Barneministeren: Kan vere ein god idé

Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) meiner eit nasjonalt ungdomsråd kan vere ein god idé, om det er organisert rett.

– Vi treng at unge får medverke og seie si meining. Det at fleire tek del i demokratiske prosessar og seier si meining styrkar demokratiet vårt. Vi jobbar med å sjå på korleis vi skal styrke unge sin rett til å medverke, og har sett at andre land har positive erfaringar med nasjonale ungdomsråd, når dei er godt organiserte, uttalar ho i ein e-post via kommunikasjonseininga.

Barne- og familiedepartementet opplyser til Framtida.no at det ikkje har blitt sett i gang i eiga utgreiing for nasjonalt ungdomsråd etter rapporten frå 2023, men Vågslid understrekar:

Barne- og familieminister Lene Vågslid. | Foto: Torgeir Haugaard – Forsvaret

– Styresmaktene har ei plikt til å sikre medverknad, både etter Grunnlova og Barnekonvensjonen, og det er ei oppgåve eg er oppteken av som barne- og familieminister.

Orkidee Farzehsaeid i Sentralt ungdomsråd set stor pris på at den nye statsråden er positiv til ønsket om eit nasjonalt ungdomsråd.

– Det ligg stor verdi i å høyre statsråden støtte saka, enda ligg det større verdi i det å sjå at politikarane støtter den. Arbeidet for å sjå på nasjonalt ungdomsråd starta for eit par år sidan. No er det på tide at arbeidet blir til vedtak.