AUF frigjer hatmeldingar mot Gaute Skjervø

AUF frigjorde tysdag eit utval kommentarar med grov hets og trugslar mot AUF-leiar Gaute Skjervø.

Einar Nygaard
Publisert

AUF-leiar Gaute Skjervø har over lengre tid mottatt grov hets og trugslar. Det har denne veka vorte eit mykje diskutert tema, mellom anna etter Høgre-nestleiar Ola Svenneby tok til Skjervø i forsvar i eit debattinnlegg i VG.

I eit innlegg på Facebook tysdag ettermiddag, la generalsekretær i AUF Jan Halvor Vaag Endrerud ut ein post der han viser nokre av kommentarane. Fleire av kommentarane spelar på terroråtak 22. juli 2011, som Skjervø overlevde.

«Kan ikke forstå hvordan Breivik kunne bomme på han.»

«Et bomskudd 220711?»

«Denne fyren skal eg skambanke vist eg treffer han på eigahand der ingen vittner befinner seg»

Store mengder hets

AUF skal ha gått igjennom over 30 000 kommentarar i etterkant av eit utspel Skjervø hadde under Arendalsveka.

AUF-leiaren kalla det ein skandale at nettstaden Document er medlem av Norsk Redaktørforening og mottar pressestøtte.

– Sanninga er at vi ikkje har i nærleiken av kapasitet til å lese alt, skriv generalsekretæren i Facebook-innlegget.

Fleire av kommentarane blei melde inn til Politiets tryggingsteneste (PST), som denne veka la bort fleire av sakene.

– Vi har vore i mykje kontakt med politiet og PST, og opplever at dei tek dette på stort alvor. Men politiet kan ikkje løyse dette åleine, og straffelova kan ikkje vere den einaste grensa vi set for korleis menneske skal behandle kvarandre, skriv generalsekretæren.

– Difor blir eg provosert når svaret på dette blir å diskutere om AUF toler for lite, eller ikkje klarer å stå i «det ubehagelege». Når sjølv leiaren av Stortingets justiskomite forsøker å bagatellisere omfanget og alvoret, fortener Noreg betre, skriv Vaag Endrerud. Han viser til Jon Helgheim (Frp), som under Arendalsveka sa at han «med høg sikkerheit kan seie at desse 30 000 handlar ikkje om 22.07, sjølv om det er ein god del ubehagelege meldingar».

Framtida.no har kontakta AUF-generalsekretær Vaag Endrerud for ein kommentar til hetsen og trugslane. Han viser til innlegget på Facebook.

Nokon må betale prisen

I politisk kvarter på NRK måndag diskuterte Ola Svenneby og Jon Helgheim hets i sosiale medium. Der sa Helgheim at han meiner politikarar har eit ansvar for å ikkje skremme folk frå å delta i samfunnsdebatten.

– Det er trass alt verdas beste land å drive politikk i, heldigvis, sa han i studio.

Svenneby på si side seier at nokon må betale prisen for eit ganske hatsk debattklima.

Utfordrande debattklima

Framtida har tidlegare snakka om dagens debattklima med fleire ungdomspolitikarar. I juni fortalde Raudt-leiar Alexandra Fredwall at ho hadde meldt over 20 drapstrugslar til politiet.

– Då eg stilte til leiar for Raud Ungdom, forventa eg at folk kom til å gå for det billigaste og enklaste ein kan, som er at eg er transperson. Så det var eg førebudd på, sa Alexandra Fredwall til Framtida den gongen.

FpU-leiar Lars Løvold meinte debattklimaet i Noreg er betre enn mange andre stader.

– Samstundes har vi òg utfordringar med hat, hets og truslar på nett. Og dessutan fleire som er redde for å seie kva dei meiner i frykt for kansellering, uttalte han til Framtida den gongen.