FpU-leiar Lars Barstad Løvold trekkjer seg
I dag skulle ungdomspartiet behandle varslingssaka mot Løvold.
Oppdatert 12:30 med sitat frå generalsekretær Maia Søe Paulsen og Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Leiar Lars Barstad Løvold (24) i Framstegspartiets Ungdom (FpU) trekkjer seg som leiar etter påstandar som er retta mot han i ei varslingssak.
Det opplyser han sjølv i eit innlegg på Facebook onsdag kveld. Løvold, som er frå Ålesund, har vore leiar i FpU i berre fem månader etter at han overtok som leiar på landsmøtet i ungdomspartiet i april.
– Eg trekkjer meg som leiar. Eg kjenner meg på ingen måte att i dei påstandane som er retta mot meg, men slik denne saka har utvikla seg, så er det vanskeleg å halde fram som leiar, skriv Løvold.
TV 2 melde tidlegare denne veka at det er kalla inn til møte i organisasjonsutvalet i Framstegspartiets Ungdom (FpU) for å behandle eit varsel mot Løvold.
Varselet vart sendt inn like før sommarferien av leiaren i eit av fylkeslaga i ungdomspartiet til FpUs generalsekretær Maia Søe Paulsen, erfarte TV-kanalen. Ungdomspartiet stadfesta onsdag overfor VG at dei hadde fått eit varsel som omhandla Løvold.
Løvold skriv i Facebook-innlegget at politikk framleis er hans største lidenskap, og at han ønskjer å bli verande i partiet og byggje opp att tilliten.
Han avsluttar med at han ikkje vil gi fleire kommentarar eller stille til intervju dei næraste dagane.
Etter Løvold trakk seg, skriv generalsekretær Maia Søe Paulsen til Aftenposten at organisasjonsutvalet i partiet ser på saka som avslutta.
– No held arbeidet fram med å byggje ein god og trygg organisasjon der ungdom kan møtast for å diskutere og utvikle politikk for ei friare framtid, skriv ho i ein SMS.
Frp-leiar Sylvi Listhaug seier til NTB at ho er orientert om avgangen til Løvold.
– Eg er glad for at han set partiet først. FpU er ein organisasjon med mange flinke ungdommar, og rekrutterer flinke politikarar til Frp.
Ho forventar at ungdomspartiet set trygge rammar for dei som deltek på arrangement og aktivitetar, og seier ho har tillit til organisasjonen.






