Frp vil kutte «unødvendige» studieplassar: – Må utdanne folk til det vi treng

Frp vil dei endre utdanningssystemet, slik at fleire går helse- og realfag – og færre samfunn og humaniora. – Må utdanne folk til det vi treng, seier Listhaug.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Vi ser at på mange av utdanningsinstitusjonane blir det satsa mykje på fag som er litt billige. Altså, at du får mange studieplassar for ein billig penge. Men det er ikkje nødvendigvis sånn at vi treng så mange utdanna i dei faga, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til NTB.

Ho og utdanningspolitisk talsperson for partiet Himanshu Gulati trekker fram at Noreg utdannar mange innan humaniora, samfunnsfag og språk samanlikna med andre land.

– Sjølvsagt treng vi det òg, men spørsmålet er om vi heller ikkje bør styre utdanningstilbodet litt meir, slik at det blir meir retta inn mot det som er behovet framover. Ikkje minst innanfor realfag, IKT og forsvar, seier Listhaug.

Neste veke fremmar Frp fleire forslag i Stortinget om «betre prioritering innan høgare utdanning», mellom anna at politiske føringar skal bli ein viktigare faktor i utdanningssystemet.

– Konkret så meiner vi at oppnådd relevant arbeid etter studiet skal vere ein del av finansieringsnøkkelen for ulike studieretningar. Dette gjer ein mellom anna i Danmark, seier Gulati.

– Flaut å sende studentar utanlands

Mellom anna ønsker Frp å sikre nok studieplassar for å fylle behovet for legar.

– Det er litt flautt at Noreg er avhengig av at folk reiser ut for å utdanne seg til legar. Vi har ikkje eit system i Noreg som seier at vi utdannar nok legar sjølv, og våre ungdommar må reise ut til Polen og Ungarn for å kunne bli legar. Det er jo eigentleg spesielt at vi ikkje greier å utdanne fleire sjølv, seier Listhaug.

Ifølge Legeforeininga har meir enn 30 prosent av norske legar medisinsk embetseksamen frå eit utanlandsk universitet.

Droppa sjølv ut av legestudiet

Gulati var sjølv ein gong medisinstudent, men valde å droppe ut for å ta filmstudium i India. Noko som vekte ein viss frustrasjon i familien – som stort sett består av legar.

Seinare begynte han på BI fordi han ville bli gründer, men omsider enda han opp i politikken.

– Eg trur jo at alle vi som har vore igjennom ungdomsåra og val av utdanning, opplever uvisse om kva ein skal velje. Og mange prøver seg og feilar seg litt fram, slik eg gjorde, seier Gulati.

Han understrekar at han betalte for filmskulen med eigne midlar.

Listhaug tok utdanninga si i Volda, der ho gjekk fire år på lærarskulen. Ho meiner læraryrket er allsidig og kan brukast til mykje.

– Staten betaler

Frp-leiaren understrekar at partiet meiner at studentar skal ha fridom til å velje det dei vil, men påpeikar at det er det offentlege som betaler for utdanningssystemet – ved tilskot til utdanningsinstitusjonane og stipend til studentar og hjelp til studielån.

– Då skulle det berre mangle at ein ikkje då også frå politisk hald er opptatt av at dei pengane som vi bruker i denne sektoren – som er store – sørger for at vi utdannar folk innanfor dei faga som vi treng, seier Frp-leiaren.

Ho seier at det også handlar om konkurransekraft og å sørge for at Noreg har folk som kan utvikle ny teknologi og fremme innovasjon.

– Og å sørge for at dei eldre får stell og pleie, og at Forsvaret får dei kreftene som trengst framover, seier ho.