«Gen Z» prioriterer balanse mellom arbeid og fritid over løn
Det viser den årlege undersøkinga frå rekrutteringsbyrået Randstad.
– I dag handlar arbeid om meir enn berre ein lønsslipp. Talent rundt om i verda ser etter arbeidsplassar som passar til deira personlege verdiar, ambisjonar og omstende, seier Sander van ‘t Noordende, dagleg leiar i Randstad Holding, til The Guardian.
For fyrste gong er ikkje løn det viktigaste for arbeidstakarar.
Det viser den årlege undersøkinga Workmonitor frå rekrutteringsbyrådet Randstad, som har blitt gjennomført i 22 år.
Fritid viktig for dei yngre
Rekrutteringsbyrået har spurt 26 000 arbeidstakarar i 35 forskjellige land i Europa, USA og Stillehavsregionen.
Ifølgje undersøkinga vart balansen mellom arbeidsliv og fritid rangert som viktigast, på 83 prosent, medan løn er like bak, på 82 prosent.
Dette gjaldt spesielt for «generasjon Z», ofte forkorta «Gen Z», som er dei fødde mellom 1997 og 2012. 74 prosent av dei svarte at dette var det viktigaste. 68 prosent i denne gruppa svara at løn var viktigast.
For dei mellom 61 og 70 var løn rangert som viktigare enn balansen mellom fritid og arbeid, med det fyrste på 87 prosent, og det andre på 85 prosent.
Sander van ‘t Noordende seier det difor er viktig for selskap som vil trekke til seg nye flinke folk å tilpasse seg til dette.
– Kompensasjon er framleis viktig, men dagens talent har samansette forventningar.
Vanskelegare å leie?
Korleis ein skal leie den nye generasjonen med arbeidstakarar har også vore ein diskusjon i Noreg. Ifølgje NHO meiner to av tre bedriftsleiarar at «Gen Z» er vanskeleg å leie.
Malin Moe Neeraas (26), som både er «Gen Z» og har leiarstilling i eit teknologiselskap, seier til VG at det generasjonen hennar krev er gode leiarar.
– Vi bør generelt vere forsiktig med å putte ein generasjon i ein bås. Eg er for å legge til rette for individet, ikkje ein generasjon, seier Neeraas.
● Les også: Er du ein «zillennial»?