Er du ein «zillennial»?

Er du på grensa mellom «millennial» og «generasjon z», men slit med å velje side? Då kan det hende du er ein «zillennial».

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Går du med dongeribukser med rette bein og legg ut bilete av venegjengen din på Instagram? Då er du garantert ein zillennial. I alle fall ifølge TikTok-brukaren zozoakz. (Dei rette buksene skal vere ein mellomting mellom millennials sine skinny jeans og generasjon Z sine endå lausare bukser.)

Grensene for denne mikro-generasjonen er uklare, men dei fleste kjeldene på internett seier at han startar mellom 1990 og 1996, og endar rundt tusenårsskiftet. Altså dei yngste blant millennials og dei eldste i generasjon Z. Ifølge den evig pålitelege kjelda Urban Dictionary, inneber zillennials dei som er fødde mellom 1992 og 1998.

Det som kjenneteiknar denne mikro-generasjonen er at dei opplevde overgangen frå analog til digital teknologi i barndommen. Dei var ute og klatra i tre då dei var born, men var på MSN og laga heimeside på Piczo nokre få år seinare. Såleis plasserer dei seg i overgangen mellom eldre millennials som opplevde stordomstida til MySpace i tenåra, og generasjon Z, som knapt hugsar livet utan smarttelefonar.

Er desse venninnene zillennials? Ikkje godt å seie! Foto: Priscilla du Preez/Unsplash

OK Boomer

Ein kan diskutere kor mykje tid og verdi ein skal tileigne all denne praten om dei ulike generasjonane. I alle fall all den tid ein må definere nye mikro-kategoriar for å fange opp dei som ikkje kjenner seg som del av den eine eller den andre. Eller når ein generasjon vert så upopulær at dei hevdar ordet boomer blir brukt som eit skjellsord. Nokre hevdar at all praten om millennials og zoomers og generasjon alfa berre handlar om marknadsføring.

Men debattane mellom generasjonane går uansett. Så, kven er eigentleg zillennials?

Zillennials

Fødd: 1992–2002 (avhengig av kven du spør)

Alder i 2024: 22–32 år

Kor mange: Cirka 3,8 prosent av verdas befolkning

Historisk oppleving: 9/11, 22. juli, Donald Trump, #Metoo, tidlege Facebook-dagar

Medium-konsum: TV, streaming, sosiale medium

Kjende namn: Miley Cyrus, Ariana Grande, Justin Bieber, Timothée Chalamet, Zendaya, Tom Holland, Harry Styles, Selena Gomez, Kendall og Kylie Jenner, MrBeast, Willow Smith.

Omgrepet er ein kombinasjon av millennial og generasjon Z.

Ikkje nytt

Sjølv om ordet zillennial ikkje er like mykje i bruk som millennial og generasjon z, viser søketrendane på Google at omgrepet slett ikkje er nytt. Det vart for alvor teke i bruk våren 2016, og hadde eit nytt hopp i interesse i haust. Samanlikna med den eldre og den yngre søstergenerasjonen, er det derimot eit lite brukt omgrep enn så lenge.

Søkeordet «zillennial» har vorte meir populært dei siste månadane. Faksimile: Google Trends


Foto: Erna Solberg (regjeringen.no), Steinar Sagen (Foto: Eirik Helland Urke/Wikipedia), Kyrre «Kygo» Gørrvell-Dahll (Jordan Strauss/Invision/AP) Ingrid Alexandra (Lise Åserud / NTB scanpix POOL).