Kva er Indias Cockroach Janta Party?
Det som starta som ein vits har utvikla seg til ei eksplosiv rørsle som har prega heile India dei siste vekene.
Måndag denne veka tok unge til gatene, i det som skulle bli ein av dei største protestane i India på mange år.
Meir enn 20 000 menneske demonstrerte for sine rettar, som ein del av rørsla som har fått namnet Cockroach Janta Party.
Korleis starta Cockroach Janta Party?
Cockroach Janta Party (Kakkerlakkanes folkeparti) blei grunnlagt i mai, etter at Indias øvste dommar likna unge utan jobb med «parasittar» og «kakerlakkar» under ei høyring i høgsterett. Som ein motreaksjon la indiske Abhijeet Dipke (30) ut ei melding på X, kor han vitsa «kva om alle kakerlakkane samla seg?».
Innlegget fekk massiv respons, og Dipke laga ei nettside, eit manifest, og kontoar på sosiale medium for det satiriske partiet Cockroach Janta Party (CJP).
Namnet er eit spel på regjeringspartiet i India, som heiter Bharatiya Janata party (BJP; Indias folkeparti), leia av Indias president Narendra Modi.
Instagramkontoen til CJP fekk 22 millionar følgjarar på berre to veker, som er meir enn det dobbelte av kontoen til regjeringspartiet. BJP forsøkte å blokkere kontoen for nasjonens sikkerheit, men nådde ikkje fram.
Kva kjempar CJP for?
CJP har i hovudsak fokusert på ei sak som betyr mykje for millionar av unge indare: opptak til medisinstudium.
Meir enn to millionar unge kjempar kvart år om dei 130 000 plassane på medisinstudium i India. Foreldre bruker mykje pengar på privat undervisning til barna sine, og fleire nyttar alt dei har av sparepengar og tek opp store lån.
Dei siste åra har opptaksprøven blitt lekka og selt for høge prisar. Dette har ført til at fleire no må ta prøven igjen, som igjen har ført til enorm frustrasjon blant unge, ettersom det er eit så stort press på å gjere det bra. Dei siste åra har prøven blitt knytt til fleire sjølvmord.
Dipke og CJP ønskjer no at kunnskapsministeren i India må gå av som følgje av lekkasjen.
Ikkje alle som har slutta seg til rørsla er misnøgde berre med opptaksprøva. For mange av Indias unge har CJP også blitt eit talerøyr for noko større; utdanningssystemet er i krise og jobbmarknaden har svikta dei. Ifølge ein ny rapport er nesten 40 % av utdanna indare under 25 er utan jobb.
Kva no?
President Modi og regjeringa har no møtt CJP-rørsla, etter å ha ignorert demonstrantane i fleire veker. På eit ti minutt langt møte blei tre av CJP sine krav lagt fram, men ifølge dei sjølv blei dei ikkje høyrt.
Dipke har understreka at så lenge kunnskapsministeren blir sittande, skal dei halde fram å protestere.
Sør-Asia har dei siste åra hatt fleire store protestar som har starta med dei unge. I Sri Lanka, Nepal og Bangladesh har dei styrta myndigheitene, og protestane har ofte starta med frustrasjon over manglande jobbar, høge prisar og ei usikker framtid.
Dikpke i CJP seier han ikkje vil samanlikna seg med Nepal eller Sri Lanka, og seier situasjonen er annleis i India.
– Gen Z har gitt opp på tradisjonelle politiske parti, og vil skape sin eigen politiske front på eit språk dei forstår, seier han, ifølge BBC.









