32 tiltak mot samehets: – Det blir sagt og skrive mykje stygt

Regjeringa legg fram ein ny handlingsplan med 32 tiltak for å få bukt med hets og diskriminering av samar.

NPK-NTB-Steinar Schjetne
Publisert

– Det trengst politisk handling, og det er derfor vi er her i dag, sa kulturminister Lubna Jaffery (Ap) då ho la fram handlingsplanen saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i Tromsø tysdag morgon.

– Det blir sagt og skrive mykje stygt og uakseptabelt der ute. Det er mange fordommar og stereotypiar om kva som er samisk. Alle som har skrolla i nokre kommentarfelt, har sett det sjølv, poengterte statsråden.

Planen inneheld 32 tiltak, mellom anna eit pilotprosjekt med eiga rettleiingsteneste i Tromsø. Likestillings- og diskrimineringsombodet skal opprette ein filial med særleg kompetanse på det samiske.

Verre etter Fosen-striden

– Hets og fordommar bidreg til å legitimere trakassering, både direkte og indirekte. Og i verste fall fører det til at viktige stemmer stilnar, at dei blir usynlege og at folk skjuler kven dei er. Det er ikkje akseptabelt, sa statsministeren.

Éi av fire ytringar om samar på Facebook er negative, ifølgje ein rapport frå Amnesty. Den vanlegaste negative haldninga er at samar hindrar framsteg og moderne utvikling.

Kommentarar prega av negative haldningar og stereotypiar auka med nesten 10 prosent som ei direkte følgje av diskusjonane om Fosen-saka.

Auka støtte

Fleire av tiltaka i handlingsplanen dreier seg om å hente inn kunnskap om truslar og trakassering mot samar, samiske debattantar og politikarar. Målet er også å auke merksemda og kompetansen i politiet om hatkriminalitet mot samar.

Regjeringa vil også mellom anna:

  • etablere samarbeidsforum mot hets og diskriminering av samar
  • samarbeide med Sametinget og Samisk elevforum for å sikre medverknad
  • styrke tilskotsordninga mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar
  • auke støtta til Stopp hatprat

Sametinget: Nasjonalt ansvar

– Samehetsen finst på alle samfunnsarenaer og i alle fasar av livet, fastslo sametingspresident Silje Karine Muotka under innleiinga.

Sametinget har vore tett kopla på arbeidet med handlingsplanen, og dette samarbeidet blir også viktig ved oppfølging av handlingsplanen. Han skal vare til 2030 og skal evaluerast i planperioden for å sikre at innsatsen gir ønskte effektar.

– Samehets kan ikkje nedkjempast av det samiske samfunnet åleine. Det er eit nasjonalt ansvar å sikre at samar kan leve, sa Muotka.

– Samehetsen finst på alle samfunnsarenaer og i alle fasar av livet, seier sametingspresident Silje Karine Muotka. | Arkivfoto: Jan Langhaug / NTB / NPK

Nettportal mot samehets

I eit eige initiativ varslar Samerådet no lanseringa av nettportalen Suodji/Suodje/Suaja for førebygging av samehets 23. januar.

Nettportalen skal vere ei rettleiingsteneste og kunnskapsportal som skal bidra til å førebyggje minoritetsstress, samehets, fordommar og psykisk uhelse i det samiske samfunnet, skriv Samerådet i ei pressemelding.

– Saman med nettportalen blir også ei chatteteneste lansert. Ho gjer det mogleg for dei som opplever samehets å få råd og rettleiing. Chatten vil vere bemanna til oppsette tider, men brukarar kan sende inn meldingar når som helst for å få svar i opningstida, seier Hanne Svinsås Magga som har leidd prosjektet.