Klimagassutsleppa i fjor var dei lågaste sidan 1990
Elektrifisering innan olje og gass, og fleire elbilar kan vere noko av grunnen.
I fjor var Noregs klimagassutslepp på 46,6 millionar tonn CO₂-ekvivalentar. Det er ein nedgang på 9,2 prosent sidan 1990 og det lågaste i perioden.
Frå 2022 til 2023 gjekk utsleppa ned med 2,3 millionar tonn CO₂-ekvivalentar – ein reduksjon på 4,7 prosent, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Nedgangen i 2023 kan forklarast med elektrifisering i olje- og gassproduksjon, fleire elbilar på vegane og lågare aktivitet i industrien, seier seniorrådgivar Trude Melby Bothner.
Det eit likevel langt igjen til Noreg når måla i Parisavtalen. I den har vi forplikta oss til å kutte 55 prosent av utsleppa frå 1990-nivåa innan 2030.