Regjeringa vil ha 15-årsgrense i sosiale medium: – Forferdeleg forslag

Regjeringa føreslår å auke aldersgrensa i sosiale medium til 15 år. Press fryktar det vil påverke ungdomsorganisasjonar.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi synest det er eit forferdeleg forslag, seier Marius Sjølyst på telefon til Framtida.no.

Han er leiar i organisasjonen Press – Redd Barna Ungdom, og reagerer på regjeringas forslag om å innføre ei absolutt aldersgrense på 15 år i sosiale medium.

Sjølyst meiner ei slik grense både vil gå ut over ytringsfridom, barn og unges rett til å delta i samfunnet og moglegheitene deira til innhenting av informasjon.

– Så mykje, ikkje berre det sosiale livet, er i sosiale medium. Det er også der regjeringa når deg, der avisene er mest tydeleg til stades og der det er den lågaste terskelen for å ytre seg i ein debatt. Å fjerne det opp til 15 år synest vi er synd.

Han legg til at mange unge opplever sosiale fellesskap på tvers av grenser og geografi i sosiale medium, og at det er ein fristad for mange.

Ikkje inkludert

I ei sak i VG onsdag besøker statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) foreldre i Stavanger som kjempar for strengare reglar på nett for barn.

– Eg synest det er synd at Støre og Toppe berre drar på besøk til foreldre, i staden for å snakke med barn og unge som det faktisk gjeld. Det er synd at dei ikkje blir inkludert, seier Sjølyst i Press.

Press-leiaren meiner ei aldersgrense på 15 år òg vil gå ut over ungdomsorganisasjonar og korleis dei kan nå ut til barn og unge. Dei har sjølv ei nedre aldersgrense på 13 år for å vere medlem hjå dei.

– Det påverkar ungdomsorganisasjonar si moglegheit til å verve.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) | Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

Tryggare plattformer

Støre meiner ei høgare aldergrense sender eit sterkt signal.

– Barn skal beskyttast frå skadeleg innhald på sosiale medium. Dette er store techgigantar sett opp mot små barnehjernar, uttalar han.

Sjølyst i Press synest det er naivt å tru at ei aldersgrense vil fjerne det skadelege innhaldet, og poengterer at 15-åringar framleis er barn.

– Det vi har skrike om i alle år, er korleis plattformene sjølv får halde på med marknadsføring, korleis algoritmane er sett opp og farlege vaksne som er til stades der. Eg skulle ønske at debatten og politikken Støre meiner er på tide å få inn, handla om å gjere plattformene tryggare for barn og unge.

Verifisering

Ei undersøking frå Medietilsynet syner at mange barn brukar sosiale medium, trass i dagens 13-årsgrense. Blant niåringane er 53 prosent på sosiale medium, blant tiåringane er delen 58 prosent, medan heile 72 prosent av elleveåringane er der, ifølgje rapporten.

Grensa for å samtykke til at sosiale medium kan hente inn og handtere personopplysingar er i dag 13 år i Noreg. Regjeringa vil endre personopplysingslova til at ein må vere 15 år for å gje eit slikt samtykke.

Ifølgje Støre og Toppe skal den nye aldersgrensa kontrollrast mykje strengare, slik at ein ikkje berre kan gå vidare og bruke det sosiale mediet ein ikkje er gamal nok til. Nøyaktig korleis det skal gjerast er derimot ikkje klart.

Press er negative til både å setje ei aldersgrense høgare enn 13 år, og til verifisering med BankID, som har blitt føreslått som ei mogleg løysing for korleis ein kan handheve aldersgrenser i sosiale medium.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) | Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

I VG erkjenner Toppe at BankID er vanskeleg sidan mange ikkje har det, og ho seier dei greier ut andre alternativ.