Vekas viktigaste: Naturtap, statsbudsjett og skjerpa trusselnivå
Foto: Ray Hennessy/Unsplash.com, AP Photo/Hussein Malla, File, AP Photo/Lindsey Wasson
Du har sikkert fått med deg orkanen «Milton», som herjar i USA, berre kort tid etter orkanen «Helene». Her er nokre andre nyheiter som prega veka som gjekk:
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Merknad: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at verdas dyrebestandar hadde minka med 73 prosent i perioden 1973-2020. Årstalet er no retta til 1970-2020.
Statsbudsjettet legg opp til rekordhøg oljepengebruk
Statsbudsjettet er på svimlande 2020,8 milliardar kroner.
Budsjettet legg opp til å bruka 460, 1 milliardar kroner frå Oljefondet, noko som svarar til 2,5 prosent av verdien på fondet. Sidan fondet har auka kraftig i verdi, betyr dette at det er rekordhøg oljepengebruk, sjølv om politikarane held seg innafor handlingsregelen som er på 3 prosent.
Unge Venstre og FpU er blant ungdomspartia som trilla terning på statsbudsjettet og kritiserer den høge pengebruken.
– Oljepengebruken er altfor stor, eg synest ikkje regjeringa tek innover seg at framtidige generasjonar skal dra nytte av oljefondet, sa FpU-leiar Simen Velle til Framtida.no.
Frå venstre: Nestleiar i Unge Høgre Oda Røhme Sivertsen, FpU-leiar Simen Velle, KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland, Unge Venstre-leiar Ane Breivik, Senterungdomsleiar Andrine Hanssen-Seppola, GU-leiar Tobias Stokkeland, SU-leiar Audun Hammer Hovda, RU-leiar Amrit Kaur og nestleiar i AUF Gaute Skjervø. | Kollasj av Framtida. Bakgrunnsfoto: Fredrik Varfjell / NTB
WWF åtvarar om verdas dyreliv
Denne veka lanserte WWF rapporten Living Planet Report, som kjem ut annakvart år.
Denne er dyster lesnad for alle som er engasjert i verdas dyreliv.
I perioden 1970 til 2020 har verdas dyrebestandar gått ned med 73 prosent.
Rapporten har sett på bestanden av over 5500 ulike artar amfibium, fisk, pattedyr, fuglar og reptil.
Dei norske dyreartane lundefugl, lomvi, villrein og ulv går alle tilbake, og er alle artar som er raudlista fordi dei er truga.
– Det krevst ein massiv innsats om me skal klara å stansa naturtapet før det er for seint, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdas naturfond til VG.
Illustrasjon: Ray Hennessy/Unsplash.com
PST hevar trusselnivået i Noreg
Tysdag heva Politiets tryggingsteneste (PST) trusselnivået frå moderat til høgt, som er det nest høgaste nivået.
Det er først og fremst trusselen mot jødiske og israelske mål som er skjerpa.
Politiet innfører midlertidig nasjonal væpning som følgje av det auka trusselnivået.
Assisterande sjef i PST Inga Bejer Engh sa på ein pressekonferanse at det er ein uavklart situasjon, som er i stadig utvikling.
– Me har i dag ingen informasjon om konkrete planar om terror i Noreg, men me jobbar fortløpande med å avklara truslar og usikkerheitsfaktorane som me må vera ærleg og seia at me står i, sa ho ifølgje NRK.
Aktiviteten frå ekstreme islamistar har auka i Europa, noko som vert forklart med Israel si krigføring i Midtausten.
Assisterande sjef i PST Inga Bejer Engh og politidirektør Benedicte Bjørnland under pressekonferanse om terrornivået i Noreg.
| Foto: Terje Pedersen / NTB
Parlamentet vil stilla Kenyas visepresident for riksrett
Kenyas folkevalde har stemt for å stilla landets visepresident for riksrett over skuldingar om korrupsjon.
281 parlamentsmedlemmar stemte for å stille Rigathi Gachagua for riksrett, medan 44 stemte imot.
Visepresidenten vert skulda for å tileigna seg eigedommar gjennom korrupsjon. I tillegg vert han skulda for å driva etnisk splittande politikk og undergrava regjeringa, etter at han har roke uklar med president William Ruto.
Ifølgje BBC avfeiar Gachagua skuldingane som «rein propaganda».
Kenyas visepresident Rigathi Gachagua fotografert under ein pressekonferanse i 2022. | Foto: AP Photo/Andrew Kasuku
To av deira soldatar er skadde etter å ha falle ned frå eit vakttårn, som vart skote mot av ei israelsk stridsvogn. Skadane var ikkje alvorlege, men resulterte i sjukehusinnlegging.
Det israelske forsvaret (IDF) har òg skote i stykke overvakingskamera og mot ein bunker der FN-soldatar søkte tilflukt, og det har vorte observert ein israelsk drone inne på ein FN base.
UNIFIL er svært bekymra og vil følgja opp hendingane med det israelske forsvaret.
FNs fredsbevarande styrkar held flagget medan Israel freistar å øydeleggja Hizbollah-tunnelar på libanesisk side av grensa mot Israel i 2019. | Foto: AP Photo/Hussein Malla, File
Vekas lyspunkt: Første kvinnelege NHL-trenar
Kanadiske Jessica Campbell (32) skreiv denne veka historie då ho debuterte som assistenttrenar for ishockeylaget Seattle Kraken.
Hovudtrenar Dan Bylsma sa til The Athletic, sitert i NRK:
– Me kjem til å sjå ei kvinne bak benken for første gang i NHL og det er monumentalt. Men målet var å få tak i den beste trenaren – og det viste seg å vera Jessica Campbell.
Seattle Kraken sin assistenttrenar, Jessica Campbell, fotografert på heimebane under NHL-kampen mot St. Louis Blues tysdag 8. oktober. | Foto: AP Photo/Lindsey Wasson
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.