Yrket mitt: Eline (31) jobbar med karbonfangst – ville vere med på noko nytt

Ingeniøren trur det vil bli fleire prosjekt knytt til grøn omstilling, men at dei vil vere i mindre skala enn dagens oljeindustri.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– For mitt fag er CO₂-fangst kanskje av dei nye teknologiane som er mest spanande. Ein blir ganske sentral i utviklinga.

Eline Nesdal Sundli er ingeniør og jobbar med å utvikle karbonfangstanlegg i Aker Solutions.

Då ho var ferdig utdanna sivilingeniør ved NTNU i 2018, var det ein vanskeleg arbeidsmarknad. Etter mykje jobbsøking, blei ho tilsett i eit selskap som driv med oppgradering av oljeplattformer.

31-åringen frå Stavanger synest det var ein god start som nyutdanna, sidan det er mykje erfaring og rutine i oljebransjen, men vart etter kvart nyfiken på å vere med på noko av det nye som blir utvikla.

Første fullskalaanlegg

Norske styresmakter meiner det er nærmast umogleg å nå klimamåla utan at teknologien er med oss. Regjeringa skriv på nettsidene sine at CO₂-handtering er eit viktig bidrag til å nå temperaturmålet i Parisavtala, og at norske styresmakter vil leggje til rette for samfunnsøkonomisk lønsam lagring av CO₂ på norsk sokkel.

Samstundes har miljøorganisasjonar kritisert rike land for å bruke karbonfangst- og lagring som eit smotthol, i staden for å stoppe med olje og gass. 

For Eline Nesdal Sundli var det først og fremst interessa for den nye teknologien som gjorde at ho søkte seg til den delen av industrien som handlar om karbonfangst. Karbonfangst vil seie å fange CO₂ slik at det ikkje når ut i atmosfæren. Sundli har jobba mykje med prosjektet Brevik CCS. Det er eit fangstanlegg som blir bygd i Brevik utanfor Porsgrunn og som skal fange CO₂-en frå Heidelberg Materials Sement Norge sin sementfabrikk. Fangstanlegget er snart ferdig bygd, og skal startast opp og vere ferdig i mai neste år.

Sementfabrikken i Brevik er ein av dei landbaserte industriaktørane i Noreg med størst klimautslepp, ifølgje Miljødirektoratet.

– Når vi startar opp på sementfabrikken i Porsgrunn, er det første gongen det blir eit fullskalaanlegg for CO₂-fangst frå ein sementfabrikk. Teknologien har vore prøvd ut i Noreg i mange år og det er bevist at han fungerer, men det har ikkje blitt gjort i så stor skala som det blir no, forklarar Sundli.

Ingeniør

Eline Nesdal Sundli hadde ikkje ein klar idé om at det var ingeniør ho skulle bli, men ho skjønte at ho var god i naturfag. Ho likte godt matte og kjemi, og syntest linja industriell kjemi og bioteknologi ved NTNU var ein god kombinasjon av interessene hennar.

31-åringen meiner det er viktig å vere strukturert og at ein må like tal for å jobbe som ingeniør.

– Og så må du vere litt nysgjerrig, og ganske god til å samarbeide med andre. Du sit eigentleg aldri aleine. Du må heile tida skjøne korleis arbeidet ditt påverkar dei andre rundt deg, sjølv om du har ditt fag. Det er jo ein stor ting de skal byggje saman.

Då koronapandemien kom, nytta Sundli høvet til å fylle på utdanninga med eit fag om karbonfangst ved Universitetet i Bergen, som ho tok på nett. Ho trur det finst mykje kompetanse blant ingeniørar i oljebransjen som kan brukast i andre typar prosjekt.

– Du må berre vere open for at ein må lære seg litt nye ting. Og kanskje gjere ting på ein litt anna måte på dei nye prosjekta.

Heile prosessen

Jobben som ingeniør er meir variert enn folk kanskje trur. Noko av det ho likar best med jobben, er at ho får vere med å forme noko heilt frå idéstadiet til at ho kan sjå det ferdige produktet.

I ein tidleg fase av prosjekta handlar det om å designe eit system og anlegg utifrå eit sett spesifikasjonar og vidare skjøne kva anlegget treng av utstyr som pumper, kompressorar og røyr, og korleis ein kan få bygd det. Så må ein ut og høyre med leverandørar og finne ut kva det kjem til å koste.

Som ingeniør har Sundli vore med i prosessen med å fange CO frå sementfabrikken frå start til slutt.

– Vi er no i ein byggefase av prosjektet, der folk arbeider med å faktisk bygge det. Så sit eg på kontoret og følgjer opp at det blir riktig. Av og til reiser eg ned og sjekkar ting. Eg har hatt opplæring av operatørane, dei som skal jobbe på sjølve anlegget, og får innsikt i korleis det blir for dei å jobbe på anlegget når det er oppe og går.

Ho ser òg på nye, liknande prosjekt, som kanskje skal bli realisert.

– Då ser vi på om vi kan få til det same på andre produksjonsanlegg som slepper ut CO₂, om vi kan kople oss på der òg, og fange CO₂-en, og ikkje sleppe han ut i lufta.

Betre tider

Då Eline Nesdal Sundli var ferdig utdanna ingeniør, var det vanskeleg å få jobb. Ho har inntrykk av at det har snudd litt no.

– Eg trur det alltid går i bølgedalar for sånn type industri og business. Det vil alltid gå opp og ned, men inntrykket eg har fått av dei nytilsette her, som har kome rett frå NTNU i år og året før, er at det var veldig lett å få jobb.

– Kva trur du framtidas ingeniørar kjem til å jobbe mykje med?

– Eg tippar at vi må ha mange løysingar på klimakrisa. CO₂-fangst blir kanskje ei av dei, og det er store planar om at det blir ein slags industri i Noreg, fordi vi har lagringskapasitet i reservoara våre utanfor norskekysten og kan lagre CO₂-en der. Eg veit det er planar om å lage røyrleidningar frå Europa opp til Noreg. Dette er jo på ein måte likt arbeid vi har gjort tidlegare.

I staden for å sende gass til Europa, skal Noreg ta imot CO₂ for permanent lagring.

Færre og mindre

Ho trur likevel ikkje det vil vere behov for like mange ingeniørar som i oljebransjen og at det blir mindre prosjekt.

– Oljebransjen er jo gigantisk. Vi har to prosjekt her no som er nok til at nesten alle folka i begge desse bygga har jobb. Det er to prosjekt. CO-prosjekta er mykje, mykje mindre med mykje færre folk.

Det er framleis ikkje så mykje pengar i det dei driv med, så dei må heile tida jobbe smartare, seier ingeniøren.

Sundli trur òg at digitalisering og kunstig intelligens vil gjere arbeidet lettare og at dei kan løyse ting smartare.

Stor etterspurnad

I dag har Aker Solutions rundt 11 000 tilsette i 15 land, og leverer løysingar til i hovudsak olje- og gassektoren, men òg i aukande grad til den fornybare sektoren. Visepresident for karbonfangst- og lagring (CCS) og hydrogen-løysingar i Aker Solutions Jan Christian Hübert opplyser at målet deira er at to tredelar av inntektene innan 2030 skal kome frå fornybar energi og energiomstillingsløyingar.

Han meiner det vil vere stor etterspurnad etter ingeniørar for å kunne gjennomføre det grøne skiftet i åra framover.

– Tradisjonell ingeniør-, teknisk- og prosjektleiingskompetanse vil framleis vere etterspurt i sektoren. Men etter kvart som nye teknologiar dukkar opp, vil dynamikken i arbeidsstyrken halde fram å skifte, og skape nye og spanande moglegheiter for teknologifokuserte roller, spår han i ein e-post til Framtida.

Han meiner sektoren treng ei klar forståing av kva retning marknaden og vidare teknologien beveger seg i og korleis det vil påverke kompetansen det vil vere behov for i framtida. Hübert trur høgare teknisk utdanning og tett samarbeid mellom industrien og utdanningsinstitusjonane vil vere sentralt dei komande åra.

Visepresident for karbonfangst- og lagring og hydrogen-løysingar i Aker Solutions Jan Christian Hübert. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Han opplever at nytilsette ingeniørar viser stor interesse for å jobbe med prosjekt som er med på å drive fram det grøne skiftet.

– Ingeniørar blir motiverte av å sjå kunnskapen og idéane sine bli brukt på reelle prosjekt. 

Arbeidstilsynets utsikter

Seniorrådgivar i Arbeidstilsynet Ole Magnus Theisen er ein av forfattarane bak rapporten «Utsikt» som tar for seg utfordringar for norsk arbeidsliv fram mot 2035–2040. Arbeidstilsynet fokuserer i stor grad på korleis det vil påverke HMS-en til norske arbeidstakarar, og i rapporten har dei samla informasjon frå mange ulike studiar og samanfattar trendar og utviklingstrekk som kan påverke norsk arbeidsliv.

Når vi snakkar om den grøne omstillinga, handlar det kort fortalt om korleis framleis ha økonomisk vekst utan at det øydelegg miljøet i betydeleg grad, forklarar Theisen. Mange av dei næringane som vil bidra inn i dette såkalla grøne skiftet, vil i framtida trenge meir straum frå fornybare kjelder, og den straumen må vere til ein grei pris. Det er mykje som skal elektrifiserast, og då treng vi mykje ny kraft.

– Viss vi ser på det andre har berekna for behovet for straum i 2030, og korleis vi ligg an i utviklinga av ny straum, så ligg vi dårleg an i Noreg. Så det er nok noko som kan bremse grøn omstilling i Noreg.

Theisen kan ikkje svare på kor viktig karbonfangst vil bli.

– Det er rett og slett fordi det er veldig usikkert kor mykje det blir av det. Det handlar litt om prisen og kor mykje det vil løne seg. Og det er igjen politisk bestemt. Det er ikkje så lett at ein berre kan seie at «Det er framtida», fordi det er så mange faktorar som spelar inn for kor stor industri det faktisk blir.

Mellom anna kjem det an på kor høg pris EU bestemmer at det skal vere på det å sleppe ut drivhusgassar, utdjupar han.

Ei anna bremse for det grøne skiftet, er at vi truleg manglar ein del arbeidskraft, mellom anna innan naturvitskap og av installatørar. Forskinga Arbeidstilsynet har sett på viser òg at det er usikkert kor stort behov det vil vere for ingeniørar, då det kjem an på kva næringar folk vil jobbe i. Her er det litt usemje mellom ulike måtar å tenke om framtida på. I rapporten skriv dei at grøn omstilling vil auke etterspurnaden etter IKT, sidan digital teknologi er ein viktig føresetnad for grøn teknologi.

Det kjem òg til dels an på kva som skjer med oljenæringa.

– Viss det blir mindre petroleumsproduksjon og færre arbeidsplassar der, så vil det frigjere ein god del ingeniørar.

Ifølgje Arbeidstilsynets rapport er det i dag få som går frå petroleum til fornybar sektor.

Har kome langt

Eline Nesdal Sundli merkar det er forskjell på haldningane ho blir møtt med når ho seier ho jobbar med karbonfangst versus i oljebransjen. Folk synest det er kult at ho jobbar med CO₂-fangst, medan ho har fått meir kommentarar om forureining i oljebransjen.

– Samstundes jobbar eg jo i det same selskapet. Vi er dei same folka og er plassert ute på prosjekt. Prosjekta er basert på politikk, og vi utfører det som har blitt vedtatt.

– Er det nokon feiloppfatningar eller stereotypiar du høyrer om det du jobbar med?

– For akkurat CO₂ føler eg at folk ikkje skjønnar heilt kor langt vi faktisk har kome. Anlegget står der i Brevik og er så nære å vere ferdig bygd. Det er ikkje berre i planleggingsfasen, svarar Sundli.

Eline Nesdal Sundli er utdanna ingeniør. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken