Ungdomspartia trillar terning på statsbudsjettet

Framtida.no har spurt alle ungdomspartia med moderparti på Stortinget kva dei synest om regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. Dette er svara vi fekk:

Åshild Slåen, Eirik Dyrøy Lotsberg og Andrea Nøttveit
Publisert

FpU-leiar Simen Velle

Terningkast: 2

Største opptur:

– Regjeringa har endeleg teke omsyn til ein generasjon med FpU-politikk og auka frikortgrensa.

Største nedtur:

– Oljepengebruken er altfor stor, eg synest ikkje regjeringa tek innover seg at framtidige generasjonar skal dra nytte av oljefondet.

Foto: FpU
Foto: Senterungdommen

Senterungdommen-leiar Andrine Hanssen-Seppola

Terningkast: 6

Største opptur:

– Det lønar seg meir enn aldri før for unge å jobbe, og det er på grunn av oss i Senterungdommen. Vi satsar på unges økonomi og aukar frikortgrensa frå 70 000 til 100 000, i tillegg får ein no skrive ned studielån i distrikta med 25 000 i året – og 60 000 i Nord-Troms og Finnmark. Det gjev fleire moglegheiter til unge i heile landet!

Største nedtur:

– Senterpartiet har allereie auka studiestøtta med 2300 kroner i månaden til 10 342 kroner i 2024, og utstyrs- og bortebuarstipendet har blitt auka historisk medan Senterungdommen har hatt ei hand på rattet, men denne styrkinga burde ha halde fram i statsbudsjettet.

Grøn Ungdom-leiar Tobias Stokkeland

Terningkast: Ein daff 3-ar

Største opptur:

– Den største oppturen er mykje av skatteopplegget, spesielt kutt i inntektsskatten og auke av frikortgrensa. Dette er grunnleggande bra for dei som treng det mest, og unge. Bra jobba akkurat her.

Største nedtur:

– Den største nedturen er at regjeringa med dagens statsbudsjett ikkje er i rute til å nå klimamåla sine i 2030, og ikkje eingong i rute med å nå 2030-måla innan 2040. I tillegg er det heilt vilt skuffande å berre ta inn 200 kvoteflyktningar, sjølv med denne regjeringa.

Foto: Grøn Ungdom
Foto: KrFU

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland

Terningkast: 3

Største opptur:

– Meir pengar til barnefamiliane i landet gjennom litt skattelette til dei som treng det mest.

Største nedtur:

– Regjeringa styrkar ikkje grensekontrollen i ei tid då narkotika flyt inn til Noreg, bistandsmålet held fram med å bli svekt, og ikkje minst er det ein kraftig auke i offentleg pengebruk utan å våge å gjere reelle prioriteringar.

SU-leiar Audun Hammer Hovda

Terningkast: Svak 4

Største opptur:

– Den største oppturen er at ein har løyvd pengar til Palestina. Det trur eg er veldig viktig i tida framover, og at det ikkje berre gjeld Gaza, men òg Vestbreidda. Eg er veldig glad for at det låg inne.

Største nedtur:

– Den største nedturen må vere at ein legg opp til å berre ta imot 200 kvoteflyktningar. Det er veldig, veldig lågt, og mykje lågare enn det FN tilrår. Det har berre gått nedover, og det er veldig skuffande at det berre er 200 ein legg opp til.

Foto: SU
Foto: Unge Venstre

Unge Venstre-leiar Ane Breivik

Terningkast: 2

Største opptur:

– Det einaste positive må vel vere dei 200 kronene vi får i årleg skattelette.

Største nedtur:

– Dette statsbudsjettet står til stryk. Regjeringa brukar rekordmykje oljepengar. Dei såkalla «skattelettene» som dei gir oss, må vi alle betale for i form av utsette rentekutt. Og samstundes som dei brukar milliardane som fulle sjømenn, kuttar dei i talet på kvoteflyktningar og sviktar klimamåla våre.

AUF-nestleiar Gaute Børstad Skjervø

Terningkast: 4

Største opptur:

– Ein ting frå statsbudsjettet eg er spesielt glad for er satsinga på psykisk helse! Regjeringa skal bruke 400 millionar kroner meir på å gje psykisk helsehjelp til unge. Mange unge slit i løpet av ungdomstida, og det skal ikkje vere sånn at ein lyt ha ein diagnose for å bli teke på alvor. Alle som treng nokon å snakke med, skal få tilbod om det!

Største nedtur:

– AUF er skuffa over den totale internasjonale innsatsen i det framlagde forslaget til statsbudsjett. At Noreg ikkje klarar å nå 1 prosent i bistand er alvorleg i seg sjølv, og sett i samanheng med manglande løft til Ukraina og det dramatiske kuttet i kvoteflyktningar er dette urovekkande. I den urolege tida vi lever i er dette uklokt, og vi i AUF skal ta kampen for den internasjonale solidariteten også i tida som kjem.

Foto: AUF
Foto: Privat

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur

Terningkast: 2

Største opptur:

– Den største oppturen med statsbudsjettet er at frikortgrensa aukar frå 70 000 til 100 000, men vi synest at det er litt lite. Vi skulle gjerne auka ho endå meir, matprisane aukar, for å ikkje snakke om husleiga og straumprisane.

Største nedtur:

– Den største nedturen er reduksjonen i talet kvoteflyktningar. Det vert grunngjeve med at vi ikkje kan ta imot fleire enn vi kan integrere, men vi ser på det som rein ansvarsfråskriving. Det er jo ikkje kvoteflyktningane sin feil at Noreg har vore for dårlege på integrering. Det er snakk om menneske som desperat treng tryggleik, som har flykta på grunn av miljøøydeleggingar og krig, kriser vi ofte er medskuldige i. Statsbudsjettet viser at regjeringa verken tek klimakrisa eller konsekvensane av krigføring seriøst, og at dei heller ikkje vil ta ansvar for kva det medfører.

1. nestleiar i Unge Høgre, Oda Røhme Sivertsen

Terningkast: 3

Største opptur:

– Auke i frikortgrensa og ein bitte liten reduksjon i inntektsskatten, sjølv om skattevinninga for lengst går opp i spinninga på grunn av auka utgifter og rentenivået. Den bitte litle reduksjonen i inntektsskatt viser at Støre og Vedum i alle fall skjønar at skattelette er bra for folk, men det er altfor lite og altfor seint til at vi vil kjenne det på lommeboka vår.

Største nedtur:

– Den høge oljepengebruken og at regjeringa ikkje klarar å stramme inn budsjettet, som gjer at rekninga for dei offentlege utgiftene blir skyvd over på unge i framtidige generasjonar.

Foto: Unge Høgre

Vil du lese meir om statsbudsjettet?