Dette betyr statsbudsjettet for deg som er ung

Sletting av studielån, tiltak mot ungdomskriminalitet og fleire i førstegongsteneste – her er noko av det som vil påverke unge i statsbudsjettet.

Birgitte Vågnes Bakken, Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Måndag 7. oktober kl. 10 la regjeringa fram statsbudsjettet for 2025. Det er deira forslag til kor mykje og kva dei skal bruke pengar på det komande året.

Regjeringa vil bruke 460,1 milliardar oljekroner i statsbudsjettet, noko som er ein auke på om lag 28 milliardar kroner frå førre statsbudsjett. Dei held seg likevel innafor handlingsregelen.

Er ord som handlingsregel og statsbudsjett litt gresk for deg? Fortvil ikkje! Les deg opp i denne saka:

I statsbudsjettet for 2025 lovar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) skatte- og avgiftskutt på til saman 17,5 milliardar kroner.

Framtida.no har samla nokre av dei viktigaste punkta frå statsbudsjettet for deg som er ung:

Høgare utdanning

Foto: Canva

  • 325 nye studieplassar

Regjeringa vil løyve 24,3 millionar kroner til 325 nye studieplassar i 2025. Dei vil ha 100 studieplassar i IKT, 50 studieplassar i medisin, 10 studieplassar til veterinærutdanninga og 165 nye studieplassar til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning.

  • 1000 nye fagskuleplassar

Regjeringa føreslår å bruke 60,8 millionar kroner på 1 000 nye studieplassar ved fagskulane.

  • Studentombod for fagskulestudentar

Regjeringa vil bruke 3 millionar kroner på å etablere eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentar frå 1. august 2025.


Studielån og -støtte

Skjermbilete lanekassen.no

  • Sletting av studielån

Regjeringa føreslår at ein kan få sletta 25 000 kroner av studielånet sitt i året ved å flytte til landets 189 minst sentrale kommunar.

For å få sletta 25 000 kroner i året, må ein vere i jobb og busett i ein av desse kommunane i minst eitt år. For Nord-Troms og Finnmark vil regjeringa doble kor mykje ein kan få sletta til 60 000 kroner i året. Regjeringa reknar at ordninga vil koste rundt 1,3 milliardar kroner årleg.

  • Studiestøtta blir auka med 2,9 prosent

Det er ein mindre auke enn prisveksten på 3 prosent som regjeringa ventar seg, og betyr at studentane vil få litt mindre å rutte med.

  • Regjeringa vil endre ordninga for omgjering av stipend til lån

Regjeringa vil at omgjering av studielån til stipend i større grad skal vere avhengig av at studentane fullfører heile utdanninga. I dag kan studentar få omgjort opp til 40 prosent av studielånet til stipend. Regjeringa føreslår å endre ordninga slik at berre 15 prosent blir gjort om til stipend dersom ein avbryt ein grad. Denne var tidlegare på 25 prosent. Dei reknar at det vil gje ei innsparing på 175 millionar kroner i året.


Privatøkonomi

Foto: Norges Bank

  • Auka frikortgrense til 100 000 kroner

Mange unge har ekstrajobb ved sidan skule eller studium, eller jobbar i sommarferien. I statsbudsjettet vil regjeringa bruke 515 millionar kroner på å auke frikortgrensa frå 70 000 kroner som ho er på i dag, til 100 000 kroner. Det vil seie at ein kan tene inntil 100 000 kroner før ein må betale skatt av inntekta.

  • Skattelette for dei som tener minst

Regjeringa føreslår at dei som tener over éin million kroner må betale meir skatt, medan dei fleste med lågare løningar vil få litt skattelette.

  • BSU held fram som i dag

Det blir ikkje føreslått endringar i BSU-ordninga, skriv NRK. Det vil seie at unge under 34 år vil kunne spare 27 500 kroner i året til bustad, og 300 000 kroner totalt i denne ordninga. Dei får òg 10 prosent skattefrådrag.


Ungdomskriminalitet

Foto: Birgitte Vågnes Bakken

  • Regjeringa vil løyve 2,8 milliardar kroner i budsjettet til å kjempe mot kriminalitet.
  • Dei vil bruke 405 millionar kroner på førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.
  • Regjeringa skriv at dei vil setje inn målretta tiltak mot område og miljø som har hatt kriminalitetsutfordringar over tid.
  • Regjeringa vil bruke 145 millionar kroner på fleire plassar for mindreårige i kriminalomsorga og 100 millionar kroner til beredskapsteam og skulemiljøtiltak.

Førstegongsteneste

Foto: Birgitte Vågnes Bakken

  • Regjeringa vil satse på å auke bemanninga i Forsvaret. Dei føreslår å kalle inn 400 fleire vernepliktige soldatar til førstegongsteneste i 2025. Ein større del av desse skal gjennomføre ei teneste på 15 eller 16 månader.

Arbeid

Foto: Astrid Waller

  • Regjeringa vil i budsjettet styrke innsatsen for å få fleire i arbeid. Dette vil dei bruke over 770 millionar kroner på.
  • Fleire tiltak er retta mot unge. Regjeringa føreslår mellom anna eit arbeidsretta ungdomsprogram med ny inntektssikring. Dette vil dei starte forsøk med hausten 2025, og dei føreslår 30 millionar kroner til ei ny løysing for saksbehandling.
  • Regjeringa løyver òg 17 millionar kroner til å utvikle fleire lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem.

Fritid

Foto: Canva

Regjeringa vil løyve: