Irma Micaela Gilboe lever av å vera dansar, koreograf og instruktør. – Å jobba fulltid kreativt med dans er hardt, og ein er nøydd til å absolutt elska det ein held på med for å orka det.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 02.10.2024 09:10

– Eg set så pris på at eg i det heile tatt får leva av det eg elskar mest og at det alltid er rom for utvikling. Ingen avgrensingar.

Irma Micaela Gilboe (28) dansar med dei store stjernene på scenar over heile verda, koreograferer, turnerer, er med i musikkvideoar, har eigne prosjekt og underviser.

– Kva er det beste med jobben?

– Det er så mykje! Å få jobba med så mange fine menneske, kosa oss på jobb, men også vera proffe når me er på, og det å få jobba i så mange ulike settingar, skriv ho i ein e-post til framtida.no.

– Det å danse gav berre meining for meg

Heilt frå ho var liten har ho dansa, og draumen om å få vera kreativ med andre og kunna bruka kroppen og hovudet har alltid vore der.

– Eg er ein veldig rastlaus person med store følelsar, og er difor avhengig av å kunna få det ut i fysisk form.

Irma Micaela Gilboe på scenen. | Foto: Cato Ingebretsen

Ho fortel at det alltid har vore sånn, og at ho fann sin plass gjennom dansen som liten.

– Eg trur difor ikkje eg tenkte så mykje over at det var ein yrkesveg «eg valde» då eg først begynte å få jobbar. Det å dansa og halda på kreativt gav berre meining for meg og mi urolege og kreative sjel.

– På ingen måte enkelt

Sidan ho var 16 år har ho jobba frilans med eigne prosjekt, og bygd sin karriere på det.

– Utan å velge studievegen har eg «studert» dans ved å opparbeida meg kunnskap og erfaring av å læra så mykje som mogleg frå gode trenarar og dei eg sjølv ser opp til i feltet – som også er fremst i verda i yrket sitt som anten utøvande dansarar, koreografar eller instruktørar.

I 2018 sa ho opp sidejobben som vikar på skule, og tok eit val om å leva fullt som dansar.

Men det er ikkje berre berre. Sjølv om ho får mykje meistringsfølelse og finn meining i dans, er det mykje motstand også.

– Det er på ingen måte enkelt å kombinera det du føler representerer deg og din kreativitet, saman med andre sine forventningar og dømekraft.

– Men fordi det alltid har gitt meg noko å halda på med det, har eg også stolt på at det er dette eg skal halda på med.

 

Variert arbeidskvardag

Dansekvardagen er aldri lik. Jobbar er flyktige og ein jobbar gjerne på fleire kontraktar samtidig, og i fleire ulike roller. Gilboe sjølv er til dømes dansar, koreograf og instruktør. Jobbane ho har som utøvande eller koreograf er prosjektbaserte, medan undervisinga er meir fast.

– Som frilansar er du jo ikkje garantert nokon ting, og alle månadar ser ulike ut i både intensiteten av jobbar, økonomi og følelsar. Så må ein sjølvsagt ikkje berre sitja og venta på at ting kjem, og difor jobbar eg hyppig med eigne prosjekt og skapar min eigen arbeidsplass samstundes.

Denne veka har ho hjelpt til med ein koreografi og bevegelsesregi på Christina Teater, hatt møte med si eiga dansegruppe, jobba med visumsøknad til USA, trena til Ramón-konsertar, undervist 4.-klassingar, planlagt eit event, delteke på undervising sjølv, hatt fotoshoot, sett ei førestilling og så reist på dansecamp i Frankrike.

«Berre» dansarar

I Noreg har me ikkje noko agentursystem for dans. Difor blir kontaktar og nettverk viktig når ein skal få jobbar, i tillegg til sosiale medium. Det gjer også at det blir viktig å gjera ein god jobb når ein først får ein fot inn, slik at ein blir booka igjen.

Ho trur folk flest ikkje forstår kor mykje har jobbing som krevst, både fysisk og mentalt, for å komme på eit nivå der du kan leva av dans.

– Ingenting blir servert på sølvfat. Me jobbar kvar dag med kroppen vårt som instrument, og i tillegg er me nøydde til å vera kreative. Også på dagar der det verkar umogleg. To veldig krevjande ting som det verkar som folk som ikkje held på med dans heilt forstår.

Ho fortel om jobbførespurnadar der det er tydeleg at det manglar respekt for arbeidet som ligg bak, lønna som sjeldan matchar innsatsen, mangel på kreditering og at ein ofte må stå opp for seg sjølv i møte med kommentarar som: «De er jo berre dansarar».

Ho synest at noko av det mest utfordrande med jobben, er det mentale. Å skilja seg sjølv og sin eigenverdi, frå dansen. At ein ikkje berre har verdi fordi ein fekk ein dansejobb til dømes.

– «You are human first», sa Diana Matos til meg gjennom eit program eg tok. Det synest eg kan vera vanskeleg!

Det å stå på ei scene og kjenna adrenalinet og fellesskap med eit team som har jobba hardt saman for å få det best moglege produktet, er favorittdelen av jobben. Ein av høgdepunkta frå karrieren er difor arbeidet fram til konsert og sjølve konserten i spektrum med Dagny.

– Som dansar opplever me kanskje ikkje alltid å bli sett like pris på, men sånn var det ikkje her. Frå start til slutt var ein ein del av eit team der alle brikker var like viktige. Her fekk kreativiteten ta plass og det var ein tillit frå alle og til kvarandre frå start til slutt.

Eit anna minne som er kjært, var då ho assisterte Candace Brown på ein stor camp i Spania og fekk ein augneblink der ho dansa saman med Brown og Diana Matos.

– Då hadde eg nett vore «ute av gamet» i nesten tre månadar på grunn av ei stygg hjerneristing, og der stod eg saman med dei to damene som inspirerer meg mest i danseverda.

– Nøydd til å elska det for å orka det

– Kven passar yrket for?

– Å jobba fulltid kreativt med dans er hardt, og ein er nøydd til å absolutt elska det ein held på med for å orka det.

Ho meiner det passar for dei som synest rørsle og formidling gir noko, utover jobb og pengar.

– Og så må du ha trua på at du har noko å gje. Det er mykje jobb og fleire gonger er det ikkje til den riktige verdien han har. Så du må føla at du får noko igjen for det, også berre ved at du får halde på med det.

I tillegg fortel ho at ein lærer mykje på vegen: å vera sin eigen sjef, setja grenser, forhandla løn, vera kreativ på bestilling, ta vanskelege samtalar på jobb, vera sjuk utan rett til sjukepengar, og meir.

– Det er mange sider ved jobben og ein må takla mykje. Du må vera din eigen største støttespelar og det er ikkje alltid lett.

Lov å tru på seg sjølv

No drøymer ho om å kunna flytta til New York og halda fram å utvikla seg som dansar og koreograf. Ho fortel at berre det å ha så høg kvalitetstrening tilgjengeleg til ei kvar tid av døgnet, gjer det veldig attraktivt.

– I tillegg er det ein deiligare mentalitet der, fordi ein har lov til å tru på seg sjølv og ein er fri frå jantelova.

I løpet av livet håpar ho å ein gong få vera dansar i ein verdsturné. Både som dansar for ein artist, men også som koreograf og prosjektleiar gjennom Moira production.

Irma Micaela Gilboe, her saman med kollegaar og MYRA på konsert. | Foto: Guro Sommer Værland

– Min store kontinuerlege draum er å alltid kunna få lov til å halda på med kreative prosjekt, å vera innom så mange spanande og utfordrande verder som mogleg med dansen, utan å avgrensa meg.

– Eg føler meg utruleg heldig som kan leva av dans her i Noreg og ser for meg å ha ei kropp og helse som kan dansa og halda på så lenge som mogleg. Når eventuelt kroppen ikkje kan, kan hovudet framleis.