Noko av det beste med yrket meiner han er å sjå soloppgang med gode kollegaar.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Eg har alltid drøymt om å bli pilot, skriv Simen Follesø Røiseland på e-post til Framtida.no.

Røiseland er utdanna pilot ved luftfartsutdanninga på Universitetet i Tromsø. Flyskulen ved UiT er den einaste offentleg finansierte pilotutdanninga i Noreg. Han fortel at han difor var heldig som fekk studieplass ved UiT sin flyskule.

– Ein betalar berre for avgifter til Luftfartstilsynet, skulebøker, uniform og livsopphald. Dermed slepp ein å starte karrieren med ein million i gjeld.

 

Om Simen

Namn: Simen Follesø Røiseland

Alder: 34

Frå: Bodø

Yrke: Pilot

Utdanning: Bachelor i luftfartsfag ved Universitetet i Tromsø. Bachelor i journalistikk frå Nord Universitetet

Ein jobb krevjande jobb

Piloten har tidlegare jobba i SAS, men blei i likskap med fleire andre kollegaar sagt opp då pandemien kom. I dag flyg han for Widerøe, der han har jobba sidan slutten av 2021.

– Eg hadde søkt Widerøe tidleg etter flyskulen, og var på opptaksprøvar i 2018. Opptaksprøvane består av mange forskjellige testar som skal teste om du toler stress, om du kan tenkje logisk under press, og om du er flink til å samarbeide. I tillegg var det eit relativt omfattande intervju.

34-åringen har vore pilot i omtrent tre år, og forklarar at yrket har svart til forventningane.

– Det er ein jobb som krev mykje, både av di eiga tid og dei rundt deg. Men samstundes er det eit fantastisk samhald på jobben, og det er jo også heilt fantastisk å fly i Noreg.

Pilot i fly.

Pilot Simen Follesø Røiseland under ein tur i midnattssola rundt Nordkapp med eit Dash 8-fly i fjor sommar. Foto: Privat

Varierande arbeidstider

Pilotyrket er med andre ord eit hektisk yrke med arbeidstider som skil seg frå dei fleste andre jobbar.

– Det kan vere ganske krevjande å få ein normal døgnrytme, fordi ein ofte står opp veldig tidleg, og nokre dagar seinare må ein vere vaken veldig seint fordi ein flyr kveldsflygingar.

– Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?

– Me startar anten på vår eigen base eller i ein annan by. Då vaknar me på hotellet, og blir køyrt med taxi til flyplassen. Me snakkar om dagen, korleis vêret ser ut, og utfordringar me kan møte på den dagen. Så fyk me av garde. I blant kan det vere opp mot ti flygingar om dagen.

Når han flyr med Widerøe er det gjerne i mindre fly på små flyplassar. Han fortel at det gjer at han møter på nokre utfordringar som ein ikkje treff på dersom ein flyr på større flyplassar.

– Som i haust, då tåka kom inn over Finnmark, og me skulle fly frå Vadsø til Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest og Tromsø. Då hadde me rukke å gjere to avbrotne innflygingar, floge over to flyplassar og i tillegg floge til ein alternativ flyplass for å fylle drivstoff før klokka hadde blitt seks om morgonen. Det var ein morgon kor me hadde hendene ganske fulle.

Fakta om pilotyrket

Stilling: Ein pilot er nokon som førar eit fjernstyrt luftfartøy, helikopter eller fly. Som pilot kan ein mellom anna jobbe som trafikkflygar i sivil luftfart og i Forsvaret.

Utdanning: Det er fleire måtar å bli pilot på. Eitt alternativ er å ta bachelor i luftfartsfag ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Dette er den einaste offentleg finansierte pilotutdanninga i Noreg, men ein kan også ta sivil utdanning ved private fagskular.

I tillegg er det mogeleg å ta utdanning i andre europeiske land eller i USA, men ikkje alle utdanningar frå utlandet kvalifiserer for godkjenning i Norge.

Ein kan også ta utdanning i Luftforsvaret. Med ei militær flygarutdanning bind ein seg til arbeid i omtrent 15 år i Luftforsvaret.

Til slutt stillast det også krav til fysisk og psykisk helse for å kunne få mogelegheita til å ta pilotutdanning. Ein må kunne leggje fram medisinsk bevis klasse 1, og dessutan ha plettfri vandel.

Gjennomsnittleg årsløn: 1 176 600 kroner. Startløna for pilotar ligg ofte på mellom 400 000 og 500 000 kroner.

Kjelde: utdanning.no

 – Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt og det du driv med? 

– At pilotar har veldig høg løn. Me tener heilt OK, men langt frå så mykje som mange trur. Eg elskar jobben min, men andre på min alder som har valt andre jobbar tener gjere meir enn meg.

Det er derimot andre ting som gjer jobben verdt det. Soloppgang er gjerne kvardagsmat når du dagleg flyr over skyene. Det å få sjå den saman med gode kollegaar er det beste med å vere pilot for Røiseland.

Når det er overskya på bakken kan me drikke kaffi over skyene og sjå soloppgangar og solnedgangar, og nordlys på vinteren. Det er ganske fantastiske naturopplevingar.

Sjølv om han trekk fram opplevingar av vêret over skyene, kan det også nokre stadar by på utfordringar for pilotane som skal styre flya.

– Vêret i Nord-Noreg kan vere krevjande, og vintrane er mørke, seier han.

Soloppgong frå fly

Å få sjå soloppgangen er ein av dei tinga Røiseland likar best med å vere pilot. Under denne flyginga stod sola opp over Lyngsalpene. Foto: Simen Røiseland

Vil bidra til busetning i distrikta

Røiseland skildrar pilotyrket som ein givande jobb kor han følar han bidreg til at folk kan bu langt unna storbyane. Det håpar han å kunne fortsetje med i åra som kjem.

– Kva draumar har du for framtida?

– Busetning i distrikta er viktig for å skape verdiar og behalde det norske mangfaldet. Så eg drøymer om å få fortsetje med denne jobben i fleire år, og at det kjem ny, grøn teknologi som gjer at luftfarta spelar ei viktig rolle for dei norske distrikta også i mange år framover.

– Ver litt sjølvkritisk før du søkjer flyskulen

Som pilot har Røiseland som nemnt ein travel og variert kvardag. Dette er noko ein må like dersom ein skal passe til yrket.

– Ein må synast at det er spanande at ting ikkje alltid blir slik ein hadde planlagt. Du må også like å jobbe tett saman med andre, fordi cockpit er eit bitte lite kontor som ein deler med ein kollega.

Samstundes tilrår han unge som vurderer å bli pilot å gjere gode undersøkingar og lese seg opp på kva jobben gå ut på.

– Det er ein fantastisk jobb, men den passar ikkje for alle. Anten fordi livsstilen ikkje passar med ditt eige liv, eller at du rett og slett har dårlege føresetnader for å få jobb etter utdanning.

Pilotutdanninga kan vere ein stor kostnad, og Røiseland fortel at det er veldig kjedeleg å bruke ein million kroner på ei utdanning ein ikkje får nytta.

– Ver sikker på at det er dette du vil, og ver litt sjølvkritisk før du søkjer flyskulen. Dersom du føretrekker å jobbe åleine, eller lett blir stressa under press, er kanskje ikkje pilotyrket jobben for deg, seier han.

Les også: Yrket mitt: Åsgeir (40) er jordmor

Mann i sykepleieruniform på sykehus.

Åsgeir Almvik visste ikkje at jordmoryrket var så breiddt før han sjølv vart jordmor. Foto: Privat