Dansekollektivet B16: – Vi forstår kvarandre på eit heilt anna nivå

Åshild Slåen
Publisert

– Det vi driver med er fantastisk. Eg trur ikkje Noreg har sett ei gruppe med melaninrike kvinner up in the front slik som vi gjer no.

Det seier Janell Martinez (22) når Framtida møter henne og to andre dansarar på Melahuset i Oslo.

– Vi er her for å ta den plassen vi har rett til og har lengta etter, og det er også fint å sjå at folk lar oss ta den plassen vi fortener.

Janell Martinez, Jasmin Emily Paixao Lindstrøm (17) og Yurley Knudsen Larsen (19) gjer seg klar til dei siste øvingane før dei fredag står på hovudscena på Rådhusplassen i Oslo.

Då opna dei Melafestivalen med dansekollektivet B16, eller Bydel 16.

Den 16. bydelen

Lat oss skru tida tilbake to år. Det var pandemi, Black lives matters-rørsla hadde fått vind i segla og Amie Mbye (30) sat åleine i leilegheita si i Paris, frustrert av å ikkje kunne danse framfor publikum.

Den norsk-gambiske dansaren såg på det som skjedde i verda, og fann ut at ho ville lage eit fellesskap for melaninrike kvinner som elskar å danse. Ho sende e-postar og Instagram-meldingar til kvinner i Noreg, på tvers av dansesjangrar og dansestudio, og spurte om dei var interesserte i å vere med i B16.

– I Oslo har vi 15 bydelar. Eg såg for meg at Bydel 16 kan vere eit rom som vi lagar, eit rom der vi lagar reglane, fortel Mbye på telefon til Framtida.

For to år sidan fann Amie Mbye (30) ut att ho ville starte eit dansekollektiv. Foto: Privat

Ho har sjølv vakse opp på Furuset i bydel Alna i Oslo, og håpar at dansekollektivet kan vere ein ressurs inn i dagens kulturtilbod for unge.

Målet er å skape ein trygg stad der dei kan vere seg sjølv og uttrykke seg både kunstnarisk og politisk.

– Å vekse opp på Furuset har gjort meg nysgjerrig på mange forskjellige uttrykk, både kreativt og politisk. På mange måtar står ikkje vi i B16 fremst og skrik, men vi er lada med politisk aktivisme, vi er den gjengen vi er, som for mange er eit politisk val.

Mbye viser til arbeidet dei gjer både for kollektivet og for ungdommar elles.

– Inngangen vår er dans. Det er med å forme kva vi er og kan vere.

Ein utvida dansekrins

Jasmin Emily Paixao Lindstrøm på 17 år, snart 18, er ein av dei yngre i gruppa. Ho har vakse opp med ein kunstnarisk familie på Ammerud, og då ho var lita var det «Norske Talenter», «Mitt Dansecrew» og audition framfor foreldra som dominerte.

Jasmin står framfor grafitti.Ho starta på capoeira, ei brasiliansk blanding av dans og kampsport, på same plass som mora underviste i dans. Etter kvart vart det også dansekurs på den lokale ammerudklubben, men det var ikkje nok.

Då ho vart med tanta si til danseskulen Subsdans, såg Jasmin danseinstruktørar som ho kjende att frå TV.

Då var det gjort. Frå 2016 var det staden hennar.

Og etter ei Instagram-melding i 2021 vart dansekrinsen til Jasmin utvida med B16.

– Dette er eit kulturelt safe space. Det er ikkje ofte ein får vere i eit kollektiv med så mange forskjellige kulturar.

Frå ballett til afrobeat

Sidan oppstarten i 2021 har B16 blant anna hatt framsyningar, arrangert gratis workshopar for barn og ungdom, halde gatefestar i Oslo sentrum og samarbeidd med entreprenørar. No er dei 20 dansarar med alle slags kreative prosjekt.

Janell står framfor grafittiDet at kollektivet handlar om meir enn berre dans er viktig for Janell Martinez.

– For meg er det ein stor familie der ein kjenner tryggleik og tilhøyrsle med mange andre som har dei same kjenslene som du sit med. Så får du uttrykt dei kjenslene gjennom dans.

Ho har røter frå både Chile og USA, og starta dansereisa si med ballett.

– Einaste motivasjonen for det var eigentleg å kunne spagaten, ler ho.

Dansestilen gjekk difor frå det meir klassiske til jamaicansk dance hall, før ho landa i afrobeat-verda.

Likevel er noko av hovudpoenget med B16 at dei lærer på tvers av sjangrar, og at det er rom for meir enn dans.

– Det er eit sisterhood. Vi har kvarandre, understrekar Martinez.

Å kunne lære av andre

For også Yurley Knudsen Larsen har fellesskapet vore viktig. Ho fortel at det har vore verdifullt å ha eit miljø med kvinner som henne.

Yurley står framfor grafitti

– Eg har vakse opp med kvite foreldre, så det å kunne lære meir om hår, hud, historie og alt, det synest eg har vore veldig fint.

Ho har bakgrunn i latinske rytmar frå fødelandet Colombia, men etter ho kom til Noreg gjekk det i Youtube-videoar av Michael Jackson i stova heime. Då Yurley seinare starta på danseskulen Subsdans, oppdaga ho popping.

– Og eg berre: ååh, det er sånn Michael Jackson gjer! Så då tenkte eg at det skal eg også gjere.

Å bane veg

Janell meiner at det ikkje har eksistert eit like stort prosjekt i Noreg for kvinner som dei.

– Det har jo vore folk som kom før oss og opna dører for at vi kan kome vidare og gjere det så stort som vi gjer det, fortel ho.

– Shoutout til Soul Session, skyt Yurley inn. Ho viser til den Oslo-baserte organisasjonen som har arbeida med å fremje Hip-Hop i Noreg sidan 2009.

Målet deira er å løfte kvarandre opp med både dans og felles forståing.

– Vi er jo alle minoritetar, seier Jasmin.

– Det er fint å kunne snakke med kvarandre om utfordringar og byggje venskap. Vi forstår kvarandre på eit heilt anna nivå.


Lisa Esohel Knudsen gav tidlegare i år ut boka «Det er personleg – om rasisme og ytringsfridom». Foto: Linda Bournane Engelberth