Regjeringa kuttar studielånet for innbyggjarar i distriktskommunar

Regjeringa vil slette studiegjelda til innbyggjarane i dei minst sentrale kommunane i landet, etter same modell som ein allereie har i Finnmark og Nord-Troms.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Astrid Midtun
Publisert

– I statsbudsjettet som kjem, gir vi ei handsrekking til studentar. Vi kjem til å kutte utdanningsgjelda med 25.000 kroner i året for å busetje seg i kommunane med lågast folketal, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Ordninga vil samtidig bli styrkt i Finnmark og Nord-Troms der innbyggjarane allereie får årlege kutt i studielånet.

Etter endringa vil også innbyggjarane i alle dei 212 minst sentrale kommunane i landet bli omfatta av ordninga.

– Grunntanken er at den norske suksesshistoria er å utvikle heile Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Gjer Noreg godt

Saman med Støre sleppte han nyheita på ferjeleiet i Hellesylt i Møre og Romsdal onsdag morgon. Tettstaden ligg i Stranda kommune, som er éin av kommunane som blir omfatta av studielånskuttet.

– Det skal vere like greitt å bu i byen som på landet, det gjer Noreg godt, seier statsministeren.

Han viser til at dei unge med høg utdanning er dei som i høgast grad flyttar frå distrikta.

– Viss utviklinga held fram, vil det ikkje vere unge igjen i distrikta, seier han.

Blir utvida i nord

SSB deler norske kommunar inn i kategoriar frå 1–6, der 1 er dei mest sentrale kommunane, og 6 er dei minst sentrale.

Det er kommunar i kategori 5 og 6 som no blir omfatta av ordninga. Dei same kommunane har også halv barnehagepris.

Døme på kommunar med sentralitet på 5 er Alstahaug, Stranda, Rauma, Trysil, Vaksdal, Bømlo og Sogndal. Kommunar som Ulvik, Høyanger, Aurland, Frøya og Inderøy har sentralitet 6.

Innbyggjarar i Finnmark og Nord-Troms har allereie ei ordning der dei får sletta 20 prosent av studielånet årleg, maksimalt 30.000 kroner i året. Grunnskulelærarar kan få sletta 20.000 kroner til i året.

Denne ordninga blir no utvida slik at desse innbyggjarane kan få sletta 60.000 kroner av gjelda si årleg frå 2026.