Fersk studentleiar vil ha mange fleire med i det frivillige arbeidet

Då alt stod stille, vakna engasjementet til studentleiar Kaja Ingdal Hovdenak til live. No håper ho på å tenne frivilligheitsflammen i fleire studentar.

NPK – Eline Krøvel
Publisert

Mange har kalla henne Noregs mektigaste student, men sjølv vel ho å sjå på seg sjølv først og fremst som tillitsvald. For den nye leiaren i Norsk studentorganisasjon (NSO) er det engasjement, frivilligheit og handlekraft som står øvst.

Eit steinkast unna der det nye regjeringskvartalet skal stå, ligg kontoret til NSOs ferske leiar, Kaja Ingdal Hovdenak. Trass byggjestøyen vert ho ikkje distrahert, og trivst godt, berre med ein månad i leiarstolen. No ser ho fram til å ta fatt på arbeidet det neste året.

– Eg gler meg først og fremst til å fremje studentar sine interesser opp mot politikarane og til spennande diskusjonar både med samarbeidspartnarar og politikarar, men også å skjøne endå meir av korleis det politiske systemet fungerer i Noreg og lære meir om det.

Saka kort oppsummert:

  • Vil auke studiestøtta: Kaja Ingdal Hovdenak, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO), fokuserer på å auke studiestøtta og knyte ho til grunnbeløpet i folketrygda. Ho ser dette som nødvendig for å sikre økonomisk føreseielegheit for studentane.
  • Personleg engasjert under pandemien: Hovdenak vart sterkt engasjert i studentane sine rettar under pandemien, då mange mista deltidsjobbar og økonomisk tryggleik. Dette førte til hennar aktive involvering i studentorganisasjonar og politikk.
  • Vil sikra studentengasjement: Hovdenak oppmodar studentar til å vere aktive i å løyse utfordringar dei møter, og meiner både studentar og utdanningsinstitusjonar har eit ansvar for å sikre studentane sine rettar og engasjement for framtida.

Historisk gjennomslag

24-åringen frå Ås vart vald til leiar på landsmøtet til studentorganisasjonen i april, men tredde først inn i leiarrolla 1. juli. Her skal ho saman med dei andre tillitsvalde vere stemma til norske studentar og arbeide tett opp mot styresmakter og politikarar.

Øvst på «to do»-lista står ein auke av studiestøtta.

– Ein kan ha mange krav til statsbudsjettet, men for å gjere det tydeleg og enkelt for politikarane, har vi sett eitt krav, og det er ganske enkelt å auke studiestøtta og knyte ho til minst 1,5 gongar grunnbeløpet i folketrygda. Det må ei endring til i systemet for at vi kan ha ein føreseieleg studentøkonomi, og for at vi kan sleppe å kjempe for å ha same kjøpekraft kvart år. Det heng ikkje på greip slik det er no.

Allereie etter berre nokre veker i leiarstolen fekk Hovdenak og NSO eit gjennomslag i kravet om å knyte studiestøtta opp mot grunnbeløpet.

– Det er eit veldig stort gjennomslag at Arbeidarpartiet går inn for å ha det i partiprogrammet sitt. Det har dei aldri hatt før, og at Ap som største regjeringsparti no meiner at ein skal knytte studiestøtta til grunnbeløpet, er historisk.

Ho er derimot ettertrykkjeleg på at gjennomslaget dei har venta på, er dei som kom før henne si forteneste.

– Det her er eit krav studentrørsla har hatt i mange år, og gjennomslaget er takka vere hard, solid og kontinuerleg innsats frå den norske studentrørsla. Det er på alle moglege måtar NSO som heilskap og alle forgjengarar si ære at det no er i partiprogrammet til Ap.

Pandemien vekte engasjement

Dei første åra i livet budde Hovdenak og foreldra i Gaza der foreldra jobba. Dei flytta deretter til Oslo og vidare til Ås. Etter eit år på folkehøgskule på Bømlo, ville Hovdenak halde fram med å bu på Vestlandet og bestemde seg for å studere samanliknande politikk i Bergen. Tidspunktet skulle ha mykje å seie for engasjementet til den framtidige NSO-leiaren.

– Eg starta i 2020, så det var ikkje så mykje å gjere første året og det var heller ikkje noko kjekt, men då vart eg også veldig engasjert i kor lite sikkerheit studentane hadde. Dei som studerte då pandemien slo ut, mista kanskje deltidsjobb og stod heilt på bar bakke. Eg vart veldig engasjert av det.

Då landet opna opp att og kvardagen byrja å likne det normale, ville Hovdenak ta igjen alt det tapte.

– Eg overkompenserte for året før og vart med i fagutvalet i linjeforeininga mi, i studentbar og studentradio, i tillegg til deltidsjobb i Leger utan grenser.

Det siste året har ho også vore leiar i Studentparlamentet på Universitetet i Bergen, sete i internasjonal komité i NSO og i hovudstyret til Samskipnaden for norske studentar i utlandet (ANSA).

Den unge organisasjonsleiaren har mange jarn i elden, men tek ikkje lett på oppgåvene som står framfor henne.

– No er fokuset mitt her. Det å få vere leiar i NSO er eit stort ansvar som eg tek med stort alvor, så då kjem det før alt anna. Eg er også eit veldig sosialt vesen, så eg er opptatt av at vi skal ha det kjekt med det vi driv med. Det er kjempespennande å drive med politikk på denne måten, og eg trur ein får det til endå betre når ein jobbar som eit team og har det kjekt på vegen.

For dei som kjem etter

Studentleiaren tek no ein pause frå studia i Bergen for å vere organisasjonsleiar på heiltid i eitt år. Men studenterfaringane sine, tek ho med seg.

– Mi erfaring er at studietida skal vere noko gøy. Ein får studere noko ein forhåpentlegvis er interessert i og som ein vil lære meir om. Ein kallar ofte studietida den beste tida i livet, men så er det så mykje økonomisk uvisse som set ein dempar på korleis studietida bør vere. Det er ein heilt anna situasjon slik det er i dag enn det var tidlegare.

Ho trur at med auka økonomisk tryggleik og føreseielegheit, vert det også skapt rom for fleire frivillige og tillitsvalde.

– Vi jobbar først og fremst for å auke studiestøtta, slik at vi kan fokusere på studiane våre og ikkje måtte velje mellom eksamenslesing og deltidsjobb, men også for at studentar skal få lov til å delta i det som vi er veldig flinke til i landet vårt, nemleg dugnad og frivilligheit.

– I dag er det slik at dei som ikkje har eit økonomisk støtteapparat rundt seg i liten grad har moglegheit til å delta, fordi ein må vere så streng med tida si for å få økonomien til å gå rundt. Studeringa må nesten tilpasse jobben nokre gonger, og det synest eg er omvendt av kva det bør vere.

Ho trur derimot ikkje alle studentar er klar over si eiga påverkingskraft.

– Som student oppdaga eg at vi studentar har utruleg mykje vi skulle ha sagt. Eg fekk ei slags aha-oppleving då eg skjønte at vi eigentleg har påverkingskraft, og dette engasjerte meg.

Ho oppmodar både studentar ho treffer på, men også dei i vennegjengen om å gjere noko med problema som dukkar opp i studentkvardagen.

– Om nokon klagar over noko som ikkje fungerer, om det er på biblioteket, på lesesalen eller i førelesingar, så spør eg alltid: men har du gjort noko med det? Ein kan godt seie at noko ikkje bør vere problematisk eller ei utfordring i utgangspunktet, men eg meiner også at studentar har eit ansvar for å ta tak i utfordringane dei møter på og gjere noko med det.

I denne samanhengen meiner ho også at universiteta og høgskulane også har eit ansvar for å legge til rette for studentengasjement og opplyse studentane om at dei har rett til å bli høyrde. Dei sit med mykje av makta, fortel Hovdenak, studentane vert bytt ut heile tida, og då er det vanskeleg å få til endringar.

– Det handlar litt om å gjere noko for dei som kjem etter oss. Studentar i dag hadde ikkje hatt den studiestøtta vi har i dag hadde ikkje studentrørsla jobba for det for ti og tjue år sidan. Det er eit kontinuerleg arbeid og sidan vi er studentar i relativt kort tid, så er det ofte ikkje sånn at vi haustar våre eigne frukter, men då må vi så nye for dei som kjem etter oss.

Studentane må ta rekninga

I ein rapport frå Akademikerne, kjem det fram at kjøpekrafta til norske studentar har gått ned med rundt 20 prosent dei siste 20 åra.

– Det er ikkje fordi studiestøtta har blitt redusert, men i verdi har ho gått ned. Og difor er det viktig å knytte den til grunnbeløpet, sånn ho kan følgje lønsutviklinga elles, slik andre ordningar fungerer, seier Hovdenak.

Nedgangen er betydeleg, meiner studentleiaren og trur delar av forklaringa ligg i ein bustadmarknad ute av kontroll.

– Det er så mykje meir eg gjerne skulle brukt studiestarten på, enn febrilsk å leite etter bustad. Det verkar litt rart for meg kvifor dette er så vanskeleg å få til. Er vi ikkje tente med at studentar ikkje brukar så mykje tid og ressursar på å finne seg bustad og stå å i kø saman med tusenvis av andre? spør studentleiaren.

Det korte svaret på kvifor det framleis er lange bustadkøar rundt om i landet, er mangelen på studentbustadar, konstaterer Hovdenak. Og for å byggje fleire, er studentane avhengige av eit knirkefritt samarbeid mellom stat, kommunar og studentsamskipnadar der alle gjer sin del, held ho fram.

– Vi treng mellom anna at staten aukar tilskotssatsen, prosenten dei dekker av bygginga av ei hybeleining. Slik det er no må studentane ta ein mykje større del av rekninga enn det som er rettferdig eller berekraftig.

Store forskjellar

Norsk studentorganisasjon har 34 medlemslag over heile landet og kan melde om at situasjonen ikkje er lik over heile landet.

– Det er absolutt store forskjellar i bustadkrisa i bygd og by. Det er synd at det er så store kontrastar, men sjølvsagt positivt at det ikkje er like kritisk over heile landet.

Å lette presset i byane ved å gjere det meir attraktivt å studere på bygda, er heller ikkje nødvendigvis ein del av løysinga på bustadproblema, meiner Hovdenak.

– Det viktigaste for oss er at studentane sjølv får velje å studere det dei sjølv ønskjer og der dei sjølv ønskjer. Det er viktig at det ikkje er økonomi som avgjer kvar du har råd til å studere.