Her er nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk.
Her er nokre av dei viktigaste nyheitene frå veka som gjekk.
Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Kamala Harris har offisielt vorte utpeikt som demokratane sin presidentkandidat i haustens presidentval i USA, og ho har introdusert mannen ho vil ha som visepresident: Tim Walz.
Walz er i dag guvernør i Minnesota, og håpet er at han særleg vil appellere til kvite veljarar i distrikta. Han vert sett på som ein viktig nøkkel for å vinne statar i Midtvesten.
Medan motstandaren Donald Trump påstår at Walz vil «sleppe laus HELVETE PÅ JORD», har profilerte demokratar rause ting å seie om den 60 år gamle mannen.
Walz har mellom anna stått bak eit program for å gi gratis mat til skuleelevar og implementert betalt foreldrepermisjon i Minnesota, og han har tidleg støtta skeives rettar og likekjønna ekteskap.
Etter at den førre Hamas-leiaren Ismail Haniyeh vart drepen, tilsynelatande i eit israelsk luftangrep mot Iran-hovudstaden Teheran førre veke, har Hamas no vald ein ny leiar.
Yahya Sinwar vert peikt på som hjernen bak angrepet mot Israel 7. oktober. Han vart fødd i Gaza og har vore medlem av Hamas sidan dei tidlege dagane til organisasjonen.
Han har eit brutalt rykte og har bore kallenamnet «slaktaren frå Khan Younis», og det er venta at han kjem til å føre ei hardare line overfor Israel enn kva forgjengaren hans gjorde. Fleire fryktar at han vil ta Hamas i ei meir ytterleggåande retning, noko som kan gjere fredsforhandlingar vanskelegare.
Statsminister Sheikh Hasina har flykta frå landet etter store demonstrasjonar. Det starta med eit studentopprør mot eit kvotesystem som sikra 30 prosent av offentlege jobbar til etterkommarar av fridomskjemparar i landet.
Demonstrasjonane utvikla seg til ein rein protest mot styresmaktene, og særleg mot statsminister Hasina.
Demonstrantane har kravd at tidlegare fredsprisvinnar Muhammad Yunus, også kjent som «dei fattiges bankmann», overtok styringa. Han reiste torsdag heim til Bangladesh for å ta på seg ei mellombels rolle med å styre landet.
Yunus vart utpeikt etter samtalar mellom militære leiarar, sivilsamfunn og studentaktivistane som leia demonstrasjonane mot Hasina.
Etter at ein 17 år gammal gut vart arrestert for å ha drepe tre unge jenter med kniv ved ein danseskule i Southport i England, har det vore store, valdelege opptøyar fleire stader i landet.
Opptøyane har i stor grad vore rasistisk motiverte, etter at falske rykte om at gjerningsmannen var ein radikal islamistisk båtflyktning, vart spreidde av figurar på ytre høgre. Dermed har både moskéar og hotell som husar flyktningar vore særleg utsette. Fleire opprørarar har no blitt dømde til opp mot tre år i fengsel.
Etter fleire dagar med hærverk har opprørarane vorte møtte med store motdemonstrasjonar frå antirasistar som har teke til gatene i fleire byar, mellom anna i London, Bristol og Newcastle. Motdemonstrasjonane har i stor grad gått roleg føre seg, og mot-demonstrantane har gjort det klart at flyktningar er velkomne i Storbritannia.
Det er søkt om rekordmange erstatningar for naturskade til Norsk naturskadepool for 2023, skriv NTB.
Ekstremvêret Hans hadde skulda i store deler av dette. Hans førte til både storflaum, skred og stormskadar i august i fjor, og vart med det den største registrerte flaumen i historia til naturskadepoolen.
Berre i Gudbrandsdalen, Hallingdal og Valdres vart det gjort skade for 929,6 millionar kroner, fordelt på 2175 skadar.
Ståle Solem Ingebrigtsen i Norsk Naturskadepool skriv i ei pressemelding at det er viktig å sette av fleire ressursar til å førebygge naturskadar.
I Noreg må vi førebu oss på endå villare og våtare vêr i framtida dersom temperaturen på jorda held fram med å stige.
Det har ikkje vore det beste OL-et for Noreg enn så lenge, men nokre store bragder kan vi likevel rope hurra for.
21 år gamle Henriette Jæger vart den første norske kvinna som nokosinne har teke seg til OL-finalen i 400 meter, då ho med mikroskopiske marginar kom seg vidare frå semifinalen. Ho får ein tøff kamp mot verdseliten i finalen fredag kveld.
Sundag tok dessutan det 22 år gamle stjerneskotet Markus Rooth ein imponerande gullmedalje og ny norsk rekord i tikamp.
Denne veka har gulldraumen broste for fleire av dei norske medaljehåpa i OL. Jakob Ingebrigtsen sprang inn til ein skuffande 4.-plass i 1500-meter tysdag, med Narve Gilje Nordås fleire plassar bak. Herrelaget i handball tapte mot Slovenia onsdag kveld, og volleyball-herrane Anders Mol og Christian Sørum tapte semifinalen mot Tyskland.
På den lyse sida har både Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås kvalifisert seg til finalen i 5000 meter laurdag. Karsten Warholm er ein av favorittane i fredagens finale i 400 meter hekk etter ein sterk semifinale, og handballkvinnene skal spele finale mot Frankrike laurdag.