Arbeidarpartiet vil at studiestøtta skal følgje lønnsutviklinga

Arbeidarpartiets programkomité foreslår at studiestøtta skal følgje grunnbeløpet, på same måte som pensjonane.

NPK-NTB
Publisert

– Det betyr at studentane følgjer det som er lønnsutviklinga elles. Det gjer finansieringa meir føreseieleg, seier leiar av programkomiteen Tonje Brenna (Ap) til NRK.

Det betyr at studiestøtta aukar automatisk, og dette vil vere kostbart for staten, innrømmer Brenna.

– Men det er ei viktig investering at fleire tek høgare utdanning, seier ho.

Grepet vil gjere at studentane er sikra ein auke frå år til år, meiner partiet. Ei slik ordning har lenge vore eit krav frå ungdomspartiet AUF. Høgre synest ikkje det er ei god løysing.

– Eg er mest redd for at dette blir ei kvilepute, ved at ein ikkje tek eit medvite val på å auke støtta, seier nestleiar i partiet Henrik Asheim.

– Vi seier derimot at studiestøtta bør auke meir enn pris- og lønnsveksten, slik at studentane kan få det betre, seier han.

Heile forslaget til Arbeidarpartiets program kjem til hausten.