Straff for studiefusk blir endå strengare

I dag blir delar av reglane for kva som blir rekna som studiefusk, noko mjuka opp. Men maksimumsstraffa for dei som blir tekne, blir skjerpa.

NPK-NTB
Publisert

Den nye lova for universitet og høgskular trer i kraft torsdag 1. august. Mellom anna blir det no ei meir nyansert tilnærming til gjenbruk av eige arbeid, såkalla sjølvplagiat.

Gjenbruk av upublisert arbeid, og arbeid som ikkje har gitt utteljing, skal etter den nye lova ikkje reknast som fusk, skriv Khrono med tilvising til forarbeida.

Maksimumsstraffa i fuskesaker skal aukast til to års utestenging, kjem det fram av den nye lova. Det er ei dobling frå det tidlegare nivået.

Studentar som vart tekne for fusk på eksamen, risikerte å bli utestengde frå all utdanning i to semester. No blir altså maksimumsstraffa auka til fire semester.