526 studentar felte for fusk i fjor

Det er store variasjonar i kor mange studentar som blir tekne for fusk ved universiteta, ifølgje Khrono. Norsk studentorganisasjon trur studentane blir behandla ulikt.

NPK-NTB
Publisert

526 studentar vart tekne for fusk ved norske utdanningsinstitusjonar i fjor, ifølgje Khrono.

På Universitetet i Agder (UiA) vart 74 felte for fusk, og 54 vart utestengde. Universitetet hadde fleire fuskesaker enn NTNU, som har tre gonger så mange studentar som UiA.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås felte til samanlikning berre to studentar.

– Sannsynlegvis illustrerer dette at praktiseringa av same regelverk er ulik, og dermed gjer at studentar ved éin institusjon hyppigare blir straffa for fusk enn studentar ved andre. Og det meiner vi er svært uheldig, seier leiar Oline Sæther i Norsk studentorganisasjon.

Ung kvinne i svart genser står med armene i kross og ser misnøgd ut.

Oline Sæther er leiar i Norsk studentorganisasjon. Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold

UiA-rektor Sunniva Whittaker meiner tala indikerer at tida kan vere moden for endringar i sektoren.

– At det er ei stor spreiing i talet på saker mellom institusjonane, tyder kanskje på at det er på tide med ein diskusjon i sektoren om korleis vi handterer desse sakene. Men ein kan også seie at det at vi har eit høgt tal, betyr at vi har god kultur og gode rutinar for å avdekkje fusk, seier ho.