Agder vil forby energidrikk på vidaregåande skular

Ifølgje forslaget skal dei vidaregåande skulane følgje kosthaldsråda frå Helsedirektoratet.

NPK-NTB
Publisert

Agder fylkeskommune foreslår å forby energidrikk i dei vidaregåande skulane. Årsaka er at dei ønskjer å betre kosthaldet blant elevane.

Forslaget vil bli avgjort av fylkestinget før sommaren, skriv Fædrelandsvennen.

I forslaget heiter det at ingen skular skal selje energidrikk, og at dei vidaregåande skulane i størst mogleg grad skal følgje kosthaldsråda frå Helsedirektoratet. Det betyr sunne matvarer som grovt brød, frukt og grønt.

Eitt av kosthaldsråda er å drikke vatn. I forslaget frå fylkeskommunen står det at vidaregåande skular som ikkje serverer brus, skal få pengar til eit alternativt opplegg. Dei skal kunne tilby elevane sprudlevatn med isbitar.

Dersom fylkestinget går inn for forslaget, vil energidrikk vere ute av kantinene til skulen i løpet av neste år.