Brei koalisjon vil grunnlovfeste norsk språk
Ein brei stortingskoalisjon vil grunnlovfeste norsk som hovudspråk og sidestiller nynorsk og bokmål. Mållaget jublar.

Representantar frå åtte parti på Stortinget foreslår ein ny paragraf i Grunnlova:
– Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er likestilte og likeverdige norske skriftspråk.
Alle partia utanom Frp og Pasientfokus står bak forslaget.
– Det er viktig at norsk språk generelt får eit grunnlovsvern. Norsk er utsett for domenetap mot særleg engelsk, mellom anna innanfor fagspråk og akademia, næringslivet og populærkulturen, seier Sveinung Rotevatn i Venstre.
Noregs Mållag har jobba lenge for dette og jublar over forslaget.
– Ei grunnlovsfesting vil gi likestillinga mellom nynorsk og bokmål ein sterkare og tydelegare rettsleg status, seier leiar Peder Lofnes Hauge.
Han kallar framlegginga av forslaget historisk.
– At representantar frå nesten alle parti er med, gir oss håp og forventning om at vi endeleg kan få nynorsken inn i den viktigaste lova vår, seier han.
Grunnlovsforslaget skal blir votert over i neste stortingsperiode.