Skulen ligg i flyktningleiren Nuseirat, midt på Gazastripa. Det israelske militæret seier bygningen vart nytta som kommandopost for Hamas, og at ni krigarar som deltok i åtaket mot Israel 7. oktober no er døde. Hamas avviser at dei brukte skulebygningen som kommandopost.
USA seier dei ventar at Israel er opne om kven som vart drepne i åtaket, og at dei publiserer ei liste med namna.
Åtaket skjer samstundes som det blir forhandla om våpenkvile, som inneber å lauslate israelske gissel frå Gaza, og palestinske gissel frå Israel. Desse forhandlingane har gått i stå sidan Hamas ynskjer ein permanent slutt på krigen, medan Israel ynskjer å utrydde Hamas.
Palestinarar ser på konsekvensane av bombeåtaket mot ein FN-skulen. | Foto: AP Photo/Jehad Alshrafi
Månaden var varmare enn nokon annan mai-månad sidan 1940, og markerer eitt år med slike rekordar.
Carlo Buontempo, som leier EUs klimaovervakingsteneste C3S, seier det er sjokkerande, men ikkje overraskande.
– Sjølv om rekka til slutt vil bli broten, kjem klimaendringane til å vedvare, og det er ingen teikn på at trenden vil snu, seier han ifølgje Aftenposten.
Verda blir varmare, sjølv når vêrfenomenet El Niño gir seg. | Foto: Rajiv Bajaj via Unsplash
Forbrukarrådet vil klage på Meta sine nye KI-grep
I mai vart det kjent at Meta vil bruke innhald frå brukarane sine, som innlegg og bilete frå Facebook og Instagram, for å trene opp kunstig intelligens. Det gjeld frå 26. juni.
«Samstundes føreligg det ingen praksis om denne problemstillinga. Det er difor vanskeleg å setje to strekar under svaret», skriv dei.
Forbrukarrådet er også skeptiske.
– Vi meiner det er uakseptabelt, og at det mest sannsynleg også bryt med personvernlovgivinga i Noreg og Europa, seier fagdirektør Finn Myrstad til TV2.
No vurderer dei å klage til Datatilsynet, som seier dei allereie har motteke klager, og forventar å få fleire. Datatilsynet informerer om at i slike saker vil dei samarbeide med andre datamyndigheiter i EØS for å vurdere saka.
Illustrasjon: Dima Solomin via Unsplash
Opposisjonen samlar seg om ein alternativ nasjonal transportplan
Onsdag vart det klart at Raudt, SV, Venstre, KrF, Høgre og Frp går saman om fleire store prosjekt i Nasjonal transportplan (NTP) enn det regjeringa har lagt fram.
NTP er planen som styrer korleis pengar blir prioritert når det kjem til infrastruktur som vegar, tog, flyplassar og anna transport i åra framover, i dette tilfellet mellom 2025 og 2036. Stortinget må godkjenne planen, og sidan regjeringa ikkje vart einig med SV, har dei ikkje fleirtal, og andre parti kan samarbeide. Ein av grunnane til at SV braut med regjeringa er at prosjekta knytt til Ringeriksbana og Vestfoldbana ville bli skrota eller utsett.
Forslaget til opposisjonen er:
Ringeriksbana skal byggjast saman med E16 mellom Skaret og Hønefoss.
Lage dobbeltspor for Vestfoldbana mellom Stokke og Sandefjord dei første seks åra.
Gi meir pengar til fylkesvegar.
Oppgradere Ofotbanen tidlegare, slik at det blir større kapasitet.
Starte å byggje nye riksveg 19 i Moss før utgangen av 2036.
Starte å byggje ny stasjon på Majorstua i Oslo i første del av perioden.
Utbetre riksveg 15 over Strynefjellet, inkludert vegen til Geiranger, i første del av perioden.
Regjeringa er ikkje nøgd med at opposisjonen har samla seg om desse vedtaka.
– Opposisjonens enkeltvedtak undergrev betydninga av nasjonal transportplan, og legg opp til ny kakespising utan meir asfalt eller skinner, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, til VG.
Sigbjørn Gjelsvik (Sp) er ikkje glad for at opposisjonen har samla seg om enkeltvedtak for nasjonal transportplan. Her frå ein spørjetime i Stotinget i april. | Foto: Stortinget via Flickr (CC BY-NC-ND 2.0)
Partiet til sitjandestatsminister Narendra Modi, Bharatiya Janata Party (BJP), vann 240 sete i nasjonalforsamlinga Lok Sabha.
For å danne ei fleirtalsregjering må ein ha 272 sete. På grunn av samarbeidsparti kjem Modi til å kunne danne ei regjering basert på 283 sete, og han vil difor halde fram som statsminister.
Då han og BJP vann i 2014 hadde dei eit fleirtal med 282 sete, og i 2019 fekk dei 303 sete.
Partiet har med andre ord gått kraftig tilbake, og må basere seg meir på samarbeid enn det dei har gjort dei siste ti åra.
Sheinbum har tidlegare vore ordførar i hovudstaden Mexico City. Ho er utdanna ingeniør og klimaforskar, og tilhøyrer det venstreorienterte partiet Morena.
Dette var det største valet i Mexico nokosinne, med 97 millionar potensielle veljarar. Sheinbum kjem til å ta over som president 1. oktober.
Claudia Sheinbaum jubla over siger sundag 2. juni. | Foto: EneasMx, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.