Mexico får sin første kvinnelege president
Ingeniør og klimaforskar Claudia Sheinbaum (61) vann valet.
Saka var først publisert i Framtida Junior, som er systeravisa til Framtida.no.
På søndag var det val i Mexico. Claudia Sheinbaum fekk mellom 58,3 og 60,7 prosent av stemmene.
Ho blir dermed den første kvinnelege presidenten i Mexico.
– Eg vil ikkje svikte dykk, sa Sheinbaum etter valsigeren, ifølge NRK.
Claudia Sheinbaum (61) er ingeniør og klimaforskar. I 2018 blei ho også den første kvinnelege ordføraren i hovudstaden Mexico City.
Claudia Sheinbaum tar over jobben som president 1. oktober.