Mehl skaka etter ungdomsran: – Heilt uakseptabelt

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) meiner heile samfunnet må ta grep for å få bukt med ungdomskriminalitet. Regjeringa vil opprette nasjonale tryggleiksheimar for barn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Etter nyheita onsdag om at to barn på 12 og 13 er tekne for ran av tre andre ungdommar, reagerer justisministeren.

– Det er ei urovekkjande utvikling. Det er barn som eigentleg skal ha ein fin oppvekst. Det inneber ikkje å bli alvorleg kriminell i så ung alder. Her må heile samfunnet med for å unngå at dette får utvikle seg vidare, seier Mehl til TV 2.

– Vi treng eit nasjonalt krafttak – og det må vere breitt, seier justisministeren.

Sjølv om ho ikkje kan love strakstiltak frå regjeringa, viser Mehl til ein foreslått pakke på 1,9 milliardar kroner frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet for å styrkje politiet.

Regjeringa ønskjer også å etablere nasjonale tryggleiksheimar for barn som gjer seg skuldig i kriminalitet.

– Desse barna fell ofte mellom fleire stolar. Barnevernet klarer ikkje å ta vare på dei, og politiet kan ikkje straffeforfølgje dei, avsluttar Mehl.