Sp vil opprette «ungdomshus» for kriminelle

Justisministeren og barneministeren foreslår å plassere barn under 15 år som gjer seg skuldig i gjenteken kriminalitet på ein ny type institusjon for ungdomskriminelle.

NPK-NTB
Publisert

– Det er eit nytt tilbod vi ønskjer å vurdere for å fange opp barn mellom 12 og 15 år, og som er under den kriminelle lågalderen, og som vi veit gjer seg skuldig i kriminalitet, organisert av kriminelle nettverk eller eldre ungdommar. Det er eit butilbod, ut frå eit stort behov for å få alle som er rundt dei til å samarbeide, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til VG.

Senterpartiet er måndag samla til landsstyremøte, der eit av hovudtemaa er «eit krafttak for å førebyggje ungdomskriminalitet og utanforskap».

I debatten deltek både Mehl og barneminister Kjersti Toppe. Sistnemnde seier at det kan vere behov for lukka institusjonar for denne gruppa.

– Vi må vurdere kor langt det skal gå. Men det viktigaste er at det i dag ikkje finst noko tilbod der dei blir varetekne, seier ho.

– Senterpartiet vil etablere tryggingshus for ungdom som eit nytt tilbod, der ulike aktørar rundt barnet skal samarbeide om eit spesialtilpassa omsorgs- og oppfølgingstilbod. Institusjons- og butilbod i barnevernet må vere tilgjengeleg for barn i heile landet, heiter det i forslaget som skal behandlast på landsstyremøtet.