Eksamenar kan bli utsette sjølv om streiken er over

Streiken i staten er avblåsen, men faren for at studentar får utsett eksamen er ikkje over. Etter at streiken var over, utsette NTNU to skriftlege eksamenar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Universitet og høgskular legg no nye eksamenskabalar i håp om at utsette eksamenar kan haldast før sommaren, skriv nettavisa Khrono.

Ved NTNU i Trondheim opplyser avdeling for utdanning til Khrono at skriftlege eksamenar for resten av eksamensperioden, som varer ut denne veka, truleg kan gå som normalt.

Når det gjeld munnlege og praktiske eksamenar er situasjonen meir uklar.

Universitetet treng denne dagen for å få avklart om nokre munnlege og praktiske eksamenar også må utsetjast, skriv avisa.

Universitetet i Søraust-Noreg har utsett eksamen for 350 studentar, inkludert obligatorisk aktivitet og arbeider no for å finne nye datoar for eksamen for alle.

Ved Høgskolen i Østfold vil alle eksamenar gå som planlagt frå torsdag. Det same gjeld stort sett på Høgskulen på Vestlandet.