Datatilsynet: Tvilsamt om Facebooks nye KI-grep er lovleg
Frå 26. juni vil innlegg på Facebook og Instagram blir brukt til å forbetre Metas KI-teneste, utan at du treng å samtykkje. Datatilsynet tviler på lovlegheita.
– Vi får mange spørsmål om lovlegheita av dette. Svaret er at det er tvilsamt. Etter vårt syn hadde det mest naturlege vore å spørje brukarane om samtykke før innlegga og bileta deira blir brukt på denne måten, skriv Datatilsynet på nettsidene sine.
Det var i mai det vart kjend at Facebook- og Instagram-eigar Meta frå 26. juni i år vil bruke innlegga og bileta til brukarane til å trene KI-tenesta si. Det skal dei kunne gjere utan at brukarane treng å gi lov til det.
Grepet har ført til kraftige reaksjonar. TV 2 skreiv søndag at Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Høgre ber regjeringa komme på banen i saka.
KI-forskar Inga Strümke sa også til TV 2 førre veke at ho ber alle Facebook-brukarar om å vurdere grundig om dei skal behalde kontoen sin.
– Eg tenkjer at no må vi gi Meta fingeren, fordi Meta gir oss fingeren. No slettar eg Facebook-profilen min før 26. juni, sa Strümke.
Har fått klager
Datatilsynet understrekar tysdag at det ikkje ligg føre nokon praksis rundt problemstillinga, og at det derfor er vanskeleg å setje to strekar under svaret om lovlegheit.
Tilsynet oppmodar brukarar som ikkje ønskjer at innlegga og bileta deira skal brukast til å utvikle Metas KI-modellar, til å fylle ut protestskjema hos Facebook og Instagram.
Datatilsynet skriv samtidig at dei allereie har fått klager på den nye praksisen, og dei forventar at det kjem fleire, både i Noreg og i resten av Europa.
– I denne typen saker vil alle datatilsynsmaktene i EØS samarbeide. Datatilsynet i Noreg vil bidra aktivt i dette arbeidet. Dersom datatilsynsmaktene kjem fram til at praksisen er ulovleg, kan vi gjere vedtak om til dømes forbod og sletting, skriv dei.
Innlegg, men ikkje kommentarar
Facebook har skrive eit innlegg der dei forklarer datainnsamlinga.
– Vi bruker informasjon som er offentleg tilgjengeleg på nett, og lisensiert informasjon. Vi bruker også informasjon som er delt i Metas produkt og tenester. Denne informasjonen kan til dømes vere innlegg eller bilete og bilettekstar, skriv dei.
Matthew Pollard, talsmann for Meta, skreiv i ein e-post til NRK førre veke at KI-treninga omfattar innlegg, men ikkje kommentarar, delt av brukarar i EU til eit offentleg publikum på Instagram og Facebook.
– Kontoar som tilhøyrer brukarar under 18 år, er ikkje med, skreiv han.
NTB har sendt spørsmål til Facebook om kva dei tenkjer om Datatilsynets utsegner om lovlegheita, men har førebels ikkje fått svar.