Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Haha, eg prøvde å lese Stargate SG1 på barneskulen og feila greitt. Meiner å hugse at alle i klassen likte å lese «grøssarane» eller noko, medan eg ville lese vaksenbøker.

Det skriv Inga Strümke i ein e-post til Framtida.no.

34-åringen jobbar som førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU. Fagfeltet hennar er kunstig intelligens (KI) og den populærvitskapelege boka Maskiner som tenker har fått eit samla meldarkorps til å trilla høge terningkast.

– Kva meiner du er den vanlegaste misoppfattinga om KI?

– At maskiner kjem til å finne på sine eigne mål og vende seg mot menneska, svarar Strümke.

Teologi, filosofi og scifi

Den populære forskaren sikta tidleg høgt med litteraturen ho las.

– Eg prøvde meg på nokre av bøkene mamma hadde brukt då ho studerte teologi, men eg kan umogleg ha skjønt eit kvekk.

No les ho helst filosofi og scifi, som gjerne kan vere austleg.

– Var greitt hekta på DUNE ein periode, men så begynte Paul Muad’Dib å forvandle seg til ein sandorm, og eg mista litt gnisten.

Inga Strümke har aldri grine av ei bok og syntest språket til Friedrich Nietzsche i «slik talte Zarathustra» var så herleg pompøs og sjølvhøgtideleg at ho måtte le.

På nattbordet ligg det ikkje bøker, men eit Bose-headset. Og mest lesetid vert det på fly, eller i sofaen.

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Haha. Atlas Shrugged. Eg var 16 år og trong pengane, eller noko.

Fantastiske Roger Penrose

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eit språk ein føler seg vel i. Det treng ikkje vere lett, men ein må kunne lene seg inn i det og stole på forfattaren.

Det fargar kven som er favorittane hennar, og spesielt ein ho meiner er undervurdert:

– Eg fattar ikkje at ikkje alle veit kven Roger Penrose er og har lese alle bøkene hans. To gonger.

Den britiske fysikaren Roger Penrose er ein favoritt hjå Inga Strümke. Foto: Festival della Scienza, Wikimedia Commons

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

– Gödel, Escher, Bach. Tenk å vere så reflektert.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Edward Cullen. Nei da, eg køddar. Anar ikkje.

Jean Paul Sartre vs. Camus

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Jean Paul Sartre. Lett. Gjerne også Camus, for eg skjønte aldri den beefen der.

Til venstre er filosof og forfattar Jean-Paul Sartre (1905–1980) og til høgre Albert Camus (1913-1960). Foto: T1980 og United Press International, Wikimedia Commons

Strümke må likevel ikkje ha bøker frå døde franske filosofar heile tida.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Stephen King, Stephen Fry eller Frank Herbert. Dei har trass alt produsert ein del.

– Kven ville du hatt som historieforteljar i ein filmversjon av boka di?

– Guy Ritchie!


Les også bokhylla: Cornelius Steinkjer slår eit slag for Michel Houellebecq

Ung mann i strikkegenser og halvlangt hår framfor andletet. Kollasj med eit bilete av to menneske som lener hovudet mot ein vegg

Forfattardebutant Cornelius Steinkjer (forgrunnen) og eit utsnitt frå framsida av debutromanen Sorl (bakgrunn). Foto: Anna-Julia Granberg/Bunderbluss/Cappelen Damm. Kollasj: Framtida.no