Forbrukarrådet og Datatilsynet skeptiske til alderssjekk i sosiale medium
Regjeringa har varsla at dei ser på om det bør innførast aldersgrenser for sosiale medium. Forbrukarrådet og Datatilsynet vender tommelen ned for aldersverifisering via Bank-ID.
Regjeringa har varsla at dei ser på korleis ei eventuell aldersgrense for sosiale medium kan handhevast. Ei moglegheit er aldersverifisering via Bank-ID, men verken Forbrukarrådet eller Datatilsynet er begeistra for den løysinga, skriv Klassekampen.
– Eg har ingen problem med å forstå at politikarane leitar i verktøykassa etter verkemiddel for å gjere det tryggare på nett for barn og unge. Men aldersverifisering er eit såpass inngripande tiltak at vi ikkje utan vidare kan støtte det, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.
Ho påpeikar at ei slik ordning også vil stenge ute vaksne som ikkje får Bank-ID og fryktar at barn og unge vil finne seg andre og meir utrygge plattformer dersom dei blir utestengde frå dei store.
Også Datatilsynet er skeptiske, og er særleg opptekne av konsekvensane for personvernet – og meiner det er viktig at tiltaka ikkje får uforholdsmessig innverknad på andre grunnleggjande rettar og fridommar.