Elevorganisasjonen om flagg-nekt: – Skapar eit utrygt skulemiljø

Førre veke kom beskjeden om at grunnskulane i Ålesund ikkje får heise regnbogeflagget under pride i år. Elevorganisasjonen og Fri er kritiske til avgjerda.

Kristin Molvær
Publisert

– Vi tenker at flaggforbod er et teit forbod å kome med. Det å forby pride-flagg vil sende eit signal til elevar som er ein del av LGBTQ+ om at dei er uønskte på skulen. Det skapar eit utrygt skulemiljø.

Det skriv den nyvalde leiaren i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, Alise Hetne Helland (17), i ein e-post til Framtida.

Ho fortel at dei har fått reaksjonar frå fleire elevar som ikkje føler seg høyrde etter at Ålesund kommune førre veke gjekk ut med at skulane ikkje fekk flagge under pride.

– Vi meiner at det burde vere opp til kvar enkelt skule og elevråd om dei vil heise pride-flagg eller ikkje. Vi har fått fleire reaksjonar frå elevar og elevrådsrepresentantar som synest at dei skulle vore inkludert i dette valet.

Leiar for Elevorganisasjonen, Alise Hetne Helland seier dei har fått reaksjonar. | Foto: Elevorganisasjonen Møre og Romsdal

Fri: – Flautt

– Det er heilt utruleg at dei tenker dette er rett avgjerd. Rett og slett flautt!

Det seier leiar i Fri Møre og Romsdal, Per Kåre Blomvik (30), i ein e-post til Framtida.no.

Kommunen sitt val om at ingen av skulane får flagge, skal rektorane ved skulane ha fått beskjed om i ein e-post frå kommunalsjef for oppvekst Hildegunn Pedersen i byrjinga av mai.

«Skolene skal være for alle elever og det blir arbeidet med inkludering og mangfold hver dag gjennom året. Kommunedirektøren har etter ønske fra flere bestemt at det ikke flagges ved skolene i Ålesund under Pride i år. Det vil flagges på rådhuset og i sentrum», heiter det i e-posten, ifølgje Sunnmørsposten.

Pedersen utdjupar til avisa at det ikkje handlar om at dei ikkje skal få markere pride, men at enkelte synest det med flagging er problematisk.

Ifølgje Sunnmørsposten skal saka etter kvart opp til politisk behandling i kommunestyret i Ålesund.

Leiar i Fri Møre og Romsdal, Per Kåre Blomvik er skuffa over Ålesund kommune sitt val om flaggnekten. | Foto: Privat

– Verken påbod eller forbod

Også Blomvik i Fri meiner at det burde vere opp til kvar enkelt skule å bestemme kva dei gjer når det kjem til flagging.

– Vi meiner det verken skal vere påbod eller forbod. Rektorane og skuleleiinga er dyktige i jobben sin og har gode føresetnader for å gjere det valet dei meiner er rett!

Fri stiller spørsmål ved kommunen sitt val, og meiner grunngjevinga er svak.

– For oss verkar det ikkje som at kommunen har tenkt nøye gjennom situasjonen før dei bestemte seg. Dei grunngir det med at dei skal beskytte barna og gjere dei trygge. Kven er det som blir utrygge av eit flagg med bodskap om inkludering og mangfald?

Det har tidlegare vore opp til kvar enkelt skule å bestemme om ein skal heise regnbogeflagget eller ikkje.

Det har kome fleire reaksjonar frå personar i det skeive miljøet, og frå andre.

– Vi høyrer store reaksjonar frå det skeive miljøet men også frå mange heterofile. Dei aller fleste i samfunnet er for flagging, har Blomvik inntrykk av.

– Kva betyr det å ha pride-flagget synleg?

– For dei som ikkje identifiserer seg som skeiv gjer ikkje flagget så mykje forskjell anna enn at det er eit vakkert, fargerikt flagg. Men for alle som identifiserer seg som skeiv, eller som på ein annan måte knyter seg til det skeive miljøet betyr det alt!

Håpar dei snur

Han fortel vidare at flagget representerer inkludering, mangfald og fridom.

– Fridom til å vere seg sjølv. Fridom til å elske den ein vil og fridom til å leve livet sitt. Ikkje minst betyr flagget at den 11–12 år gamle eleven som er skeiv, ser flagget på skulen sin og kan føle seg velkommen! At skulen godtek eleven slik eleven er. Og at eleven kan vere seg sjølv 100 prosent.

Fri Møre og Romsdal har følgande oppfordring til lokalpolitikarane:

– Vi håper at kommunen revurderer avgjerda si, seier Blomvik, som håpar det skeive miljøet kan bli tatt med i diskusjonen.