Auke i søkjarar til sjukepleiarutdanning – lærarutdanninga held fram med å falle

Det er 900 fleire som hadde sjukepleie som førsteval i søknaden sin til høgare utdanning enn i fjor, viser nye tal frå Samordna opptak.

NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug og Heather Eliassen
Publisert

Til saman har 142 416 personar søkt høgare utdanning via Samordna opptak, ein auke på 4,7 prosent, skriv regjeringa i ei pressemelding.

9943 personar har søkt sjukepleie på førsteplass, mot 9012 året før. I toppåret 2018 var det heile 15 789 førsteplass-søkjarar til faget. Det blir tilbode 5419 studieplassar innan sjukepleie, skriv Samordna opptak i faktanotatet sitt.

Sjølv om pendelen snur for sjukepleie etter fleire års nedgang, er det størst auke for historie, økonomi og samfunnsvitskap. Historiefaget har 13 prosent fleire søkjarar enn året før, og 4112 har søkt det som førstevalet sitt. Det skjer samtidig som talet på studieplassar fell med 7,8 prosent. Størst prosentvis nedgang er det innan reiseliv, som går frå 425 til 333 førstevalsøkjarar.

Pørni-effekten

Det var berre 5,8 prosent som hadde lærarstudium på førsteplass, ein klar nedgang. Nedgangen i absolutte tal er frå 8600 i fjor til 8235 i år. Det er også litt færre studieplassar innan lærarutdanninga.

Det er også litt fleire førstevalsøkjarar innan barnevern, noko høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) spøkefullt spekulerte på om kunne komme av TV-serien «Pørni».

– Er det Pørni-effekten som byrjar? Strålande serie, sa han på Samordna opptaks pressekonferanse.

Flest søkjarar på jussen

Flest førstevalsøkjarar er det på rettsvitskap med oppstart haust ved Universitetet i Oslo. Her har heile 2102 søkjarar valt det på førsteplass og kastar seg inn i kampen om 224 studieplassar. Flest førstevalsøkjarar per studieplass har ein i «Business, economics and data science – siviløkonom» ved Noregs handelshøgskole, der det er 1101 førstevalsøkjarar på 50 studieplassar. Det betyr heile 22 søkjarar per plass.

60,1 prosent av søkjarane er kvinner, noko som er om lag det same som året før. Innan helsefag er det heile 77,3 prosent kvinner, innan pedagogiske fag 74,5 prosent. Menn er i overtal innan økonomi og administrasjon, idrett, informasjonsteknologi og teknologifag.

Det er i alt planlagt 1496 fleire studieplassar enn i 2023. Auken er størst innan økonomi- og administrasjonsfag (9,7 prosent) og informasjonsteknologi (9,1 prosent).