Andorra stiller språkkrav til innflyttarar

Miniputtlandet Andorra i Pyreneane vil i framtida krevje at utlendingar som buset seg i landet, må lære seg eit minimum av det offisielle språket katalansk.

NPK-NTB-AFP
Publisert

Språkkravet vart vedteke i nasjonalforsamlinga torsdag, som eit tiltak for å styrkje det katalanske språket.

Andorranarar utgjer rundt halvparten av dei 80 000 innbyggjarane i det vesle landet som ligg inneklemt mellom Spania og Frankrike. Med rundt 25 000 spanjolar i landet og ei rekke arbeidsinnvandrarar frå Latin-Amerika, har spansk vorte daglegspråk for mange.

Rundt 3000 personar som må fornye opphaldsløyvet i år, vil bli møtte med det nye språkkravet. Dei som ikkje består prøva, må ta eit 30-timars språkkurs.

Katalansk blir også snakka i den spanske regionen Catalonia, som Andorra grensar til.

Andorra har elles to statsoverhovud som følgje av ein konflikt på 1200-talet om kven som hadde herredømmet over området. Løysinga vart å dele makta mellom den spanske biskopen av Urgell og den franske greven av Foix. Tittelen til sistnemnde vart seinare sameint med den franske trona, og etter revolusjonen er det til slutt Frankrikes president som har arva rolla som samfyrste av Andorra saman med biskopen.