WWF varslar havbotnmineral-søksmål mot staten

Miljøorganisasjonen WWF varslar at dei vil saksøkje staten for vedtaket om å opne norske havområde for mineralverksemd.

NPK-NTB
Publisert

Den formelle avgjerda vart teken fredag førre veke og gjer Noreg til eit av dei første landa i verda som opnar for dette, trass internasjonal kritikk frå mellom anna EU.

– Noregs avgjerd om å gå vidare med å opne enorme havområde for gruvedrift er ein forvaltningsskandale utan sidestykke. Aldri før har vi sett ei norsk regjering så arrogant køyre over alle faglege råd og trasse åtvaringane frå eit samla havforskingsmiljø, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur, i ei pressemelding.

WWF meiner utgreiinga vedtaket er basert på, ikkje tilfredsstiller minstekrava etter Havbotnminerallovas paragraf 2–2.

– Om ikkje avgjerda blir avvist, godtek vi at politikarane kan bryte lovverket og forvalte i blinde, seier Andaur.

– Grundig prosess

Regjeringa er usamd med miljøvernarane, og meiner det er gjennomført ein god og grundig prosess.

– Vi meiner det er gjennomført ein grundig prosess og at dei krava som gjeld er følgde, og så registrerer eg at WWF ønskjer å prøve saka for retten. Det har dei sjølvsagt rett til. Vi vil setje oss godt inn i WWFs argumentasjon knytt til denne saka når vi får ho. Førebels kjenner vi berre saka frå media, seier statssekretær Astrid Bergmål i Energidepartementet i ein kommentar til NTB.

– Burde vore unødvendig

Det er Ap og Sp som i desember vart samde med Høgre og Frp om å opne for leiting etter havbotnmineral.

SV, V, Raudt, MDG og KrF har vore motstandarar av mineralverksemda. MDGs Une Bastholm meiner det er naturleg at saka hamnar i retten.

– At denne saka hamnar i retten er naturleg, men burde vore unødvendig. Gruvedrift på havbotnen vart eit prestisjeprosjekt for både regjeringspartia og Høgre, og skulle pressast gjennom koste kva det koste vil. Dei godkjende dette i Stortinget, trass alle grundige, faglege åtvaringar og vel vitande om at det var på kanten av lova. At det no blir testa i rettsapparatet er rett og slett demokratiet som får verke, seier ho.