Historisk siger i Den europeiske menneskerettsdomstolen

Manglande klimahandling kan vere brot på menneskerettane, slår menneskerettsdomstolen fast i ein historisk dom.

Kristin Molvær
Publisert

– Dette er ein historisk dag!

Det uttalar leiaren i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, i ein e-post til Framtida.no.

I dag kom tre klimadommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). To av klagarane tapte og ein vann.

Seniorkvinner for klimaet

Hundre eldre kvinner møtte i dag opp ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Ei gruppe eldre kvinner har saksøkt Sveits for å ikkje beskytte dei mot hetebølger, og i dag fekk dei den historiske sigeren i retten.

Gruppa kallar seg Seniorkvinner for klimaet.

Dei er redde for dei stadig meir intense hetebølgene i Europa, då eldre kvinner er i risikogruppa for å døy av den farlege varmen, skriv NRK.

Gytis Blaževičius, leiar i Natur og Ungdom
Gytis Blaževičius, leiaren i Natur og Ungdom, er glad for at det vart siger i ei av dei tre sakene i EMD. | Natur og Ungdom

Dommen mot Sveits slår endeleg fast at føreseieleg framtid er ein menneskerett, og det er statane sin jobb å sikre den. Denne saka stakar ut vegen for klimajuss, viser at også retten er eit viktig verkemiddel i klimakampen og at også domstolane kan halde myndigheitene ansvarlege for manglande klimatiltak, seier Gytis Blaževičius i Natur og Ungdom.

Ungdommane tapte

Retten avviste samtidig to andre søksmål. I det eine saksøkte ein tidlegare borgarmeister Frankrike for å ikkje gjere nok for å beskytte han mot havnivåstigning, og i det andre meinte portugisiske ungdommar at ei rekkje europeiske land ikkje gjer nok for å beskytte dei mot klimaendringane.

– Når det gjeld dei to andre sakene, så er det sjølvsagt synd at dei ikkje vann fram, men også i desse er det mange viktige anerkjenningar som blir gjort av domstolane, som vil bli viktige for mange saker i framtida, seier Blaževičius.

Dette er dei tre sakene

KlimaSeniorinnen m.fl. mot Sveits

Består av ei gruppe eldre kvinner som har saksøkt Sveits for å ikkje beskytte dei mot hetebølger. Den globale oppvarminga gjer at hetebølger kjem oftare og blir meir langvarig eller intense. Eldre er særleg sårbare for å døy av hete.

Duarte m.fl. mot Portugal og Norge m.fl.

Seks portugisiske barn og unge har teke Noreg og 31 andre europeiske land til retten i Strasbourg for brot på menneskerettane. Dei meiner dei ikkje gjer nok for å beskytte dei mot skadelege klimaendringar.

Carêm mot Frankrike

Ei sak der ein fransk borgarmeister saksøkte sin eigen stat for å ikkje gjere nok for å beskytte ham mot havnivåstigning. Når verda vert varmare, stig hava, fordi vatnet utvidar seg og fordi isen i polområda smeltar.

Kjelde: vg.no

 

Retten meiner vilkåra for å behandle sakene ikkje er oppfylte. Søksmåla kan ikkje ankast i EMD men kan bli tilvist tilbake til ein nasjonal domstol.

Historisk dom

– Dette er ein milepæl for individs rettar i Europa og ein dag som går inn i rettshistoria, skriv NIM Norges institusjon for menneskerettigheter i ei pressemelding.

Dei trekker fram at det er første gongen EMD slår fast at ein stat kan bli dømt for brot på retten til privatliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) viss styresmaktene ikkje gjer nok for å beskytte mot klimaendringane.

– EMD stadfestar i dag at klimaendringane er ein alvorleg trugsel mot retten til privatliv, som statar må beskytte mot, uttalar direktør Adele Matheson Mestad i pressemeldinga.

Norsk sak

Fleire klimasaker er sett på vent i menneskerettsdomstolen medan ein venta på utfallet av dei tre sakene som fekk dom i dag. Blant dei er det norske klimasøksmålet, som Natur og Ungdom og Greenpeace klaga inn til menneskerettsdomstolen etter at dei i 2020 tapte i Høgsterett.

– No ventar vi spent på domstolen si avgjerd om vidare behandling av klagen Natur og Ungdom og Greenpeace har sendt inn mot Noreg, seier NU-leiar Gytis Blaževičius.

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

  • Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) ligg i Strasbourg
  • Er Europarådets fremste og Europas viktigaste menneskerettsorgan
  • I domstolen kan fleire enn 700 millionar europeiske borgarar få prøvd saka si dersom dei meiner at ein medlemsstat har krenkt rettane deira etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen
  • EMDs dommar er bindande for alle 46 medlemsland som har ratifisert konvensjonen

Kjelde: regjeringen.no