Kjersti sine beste tips til brukte julegåver: – Gåver med omsorg, sjel og personlegdom

70 prosent av nordmenn er positive til å få brukte julegåver. Her er nokre tips for å finne den perfekte brukte julegåva.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Fleire og fleire er opptekne av å redusere forbruk og å kjøpe brukt. Men når det kjem til den store kjøpehøgtida jul, dukkar gjerne spørsmålet opp:

Er det greitt å kjøpe brukte julegåver?

Ja, ifølge ei fersk undersøking Opinion har gjennomført for Finn.no. Der svarar 70 prosent av nordmenn at dei er positive til å brukte julegåver, medan 65 prosent er opne for å gi brukte julegåver.

Men kva bør ein eigentleg tenke på når ein kjøper julegåver i bruktbutikken?

– Nesten alt finst på Finn

Kjersti Synneva Moen er illustratør og teikneserieskapar, i tillegg til å vere ein engasjert brukthandlar.

Ho fortel at ho prøver å kjøpe brukte gåver så langt det lar seg gjere.

– Eg og venene mine kjøper alltid brukte gåver til kvarandre, det har vi gjort i fleire år. Og viss ein slektning (eller kven som helst, eigentleg), ønsker seg spesifikke ting, det vere seg tursekk, ullgenser eller middagsfat, så prøver eg alltid å finne det brukt. Nesten alt finst på Finn eller Tise! skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Romslegare budsjett

Moen viser til at det openbert er betre for planeten at vi kjøper brukte gåver, med tanke på det «sjuke» forbruket vi allereie har. Men ho påpeiker at ein også finn ting mykje billigare, og dermed får eit romslegare julegåvebudsjett.

– Viss ein uansett har ein sum ein skal bruke, kan ein plutseleg finne fleire ting å gi til prisen av noko nytt. Tenk å til dømes gi nokon eit «lese-kit»: bok, tekopp og tekanne, lysestake, ullsokkar og sjokolade? skriv ho.

Moen trekker fram sine favoritt-bruktbutikkar i Oslo: M&E, Fretex og Rewear. Men dei beste skattane finn ho ofte utanfor hovudstaden.

– Eg synest det aller gøyaste er å dra på utflukt til bruktbutikkane utanfor byane, skriv ho.

Moen fortel at ho også ønsker seg brukte gåver.

– Når nokon har handla brukt, føler eg at dei har kikka litt ekstra etter noko dei synest passar til gåvemottakaren. Eg synest det er gåver med mykje omsorg, sjel og personlegdom, skriv ho.

Bøker, servise og kjøkenutstyr

Moen elskar særleg å gi bøker i julegåve. Og ho fortel at ho ofte finn nesten heilt nye bøker på bruktbutikkar og loppemarknadar.

– Det er ein sjukt koko ting. Eg finn alltid bøker som har kome ut i år, og kanskje har blitt lese éin gong, og så vil ikkje folk ha dei i hylla meir. Nye bøker kan jo koste opp mot 500 kroner, men brukt kostar dei sjeldan meir enn 70. Eit skup! skriv ho.

Også glas, koppar, fat og billig kjøkenutstyr meiner ho er gode brukt-kjøp.

– Skal ein gi julegåve til ein student som akkurat har flytta heimanfrå, eller ei venninne som har megakick på italiensk og ønsker seg pastamaskin – bæm, det finst alltid!

Foto: Privat

Sjansespel

Ei ulempe med å handle brukt, er at ein ikkje kan legge ved bytelapp med gåva (med unntak av hos Fretex. Les meir om det under). Difor tek ein gjerne ein liten sjanse på kor godt gåva treffer.

Då kan det vere fint å dobbeltsjekke kva bøker faren din allereie har lese, og kva storleik veslesøstera di brukar i sko, rår Moen. Ein kan gjerne alliere seg med slekt og vener for å finne det ut.

– Ein hack eg har brukt mykje, er at mange av dei lesande venene mine er på Goodreads, og då kan ein søke opp boka og sjå om vedkommande har lese henne før ein kjøpar henne brukt. Kanskje hen til og med har boka på «want to read»! skriv ho.

Ho slår også fast at ein gjerne må ha meir tolmod når ein kjøper brukt, sidan ein ikkje alltid finn det ein skal ha på første forsøk.

– Det er lurt å starte tidleg, ha på varsel på Finn og Tise, legge ein plan for kva ein ser etter, tipsar ho.

– Og det aller beste er å gjere det til eit gøy førjulsprosjekt!

Merkar haldningsendring

Hilde Kjønstad, kjedeleiar i Fretex, gler seg over tala som viser at fleire nordmenn er positive til å både gi og få brukte julegåver.

– Det er kjempebra. Når 70 prosent synest det er heilt topp å få brukte gåver, er barrieren mykje lågare for å kjøpe, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho fortel at Fretex også har merka denne haldningsendringa.

– Vi merkar for kvart år at folk handlar meir og meir julegåver på Fretex, og at det vert meir og meir legitimt, seier ho.

Typiske julegåver som vert handla hos dei, er heimestrikka klede, barneleiker, bøker og interiørartiklar.

– Hos oss bidreg ein også til det sosiale arbeidet til Frelsesarmeen. Ikkje alle har pengar til å gi i Julegryta. Men når du handlar på Fretex, veit du at ein del av handelen bidreg til at nokon får ei betre jul, seier ho.

Kan byte gåver

Kjønstad understrekar at Fretex gir bytelapp på julegåver, som gir mottakaren høve til å byte ei gåve fram til 11. januar. Ho slår fast at det gjer at færre vegrar seg for å kjøpe brukte gåver hos dei, då risikoen er lågare om gåva ikkje fell i smak.

– Bytelapp er flittig brukt hos oss, seier ho.

Ho meiner uansett at det viktigaste når ein handlar brukte gåver, er å kjøpe ei gåve som ein trur fell i smak hos mottakaren.

– Det er ikkje vits i å kjøpe ei gåve som ikkje kjem i bruk, seier ho.

Kjønstad fortel at Fretex-butikkane jobbar for å vere relevante og å vere eit godt alternativ til å kjøpe nytt. Då prøver dei å sørge for å ha dei produkta som folk er ute etter, også i jula. Når ein veit at leiketøysbutikkar og bokhandlarar har god omsetnad før jul, vil også Fretex pøse på med dei varene for å vere eit reelt val for kundar på julehandel, understrekar ho.

– Skal ein handle brukte gåver må ein kanskje gjere litt research først. Til dømes finne ut kva Fretex-butikk som har flest barneleiker eller bøker. Men det er gode sjansar for å finne det folk ønsker seg hos oss, seier ho.