Regnskog tilsvarande Sveits forsvann i fjor

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

I 2022 forsvann over 40 000 km² tropisk primærskog. Det syner nye tal frå Global Forest Watch.

Global Forest Watch er ein nettportal med oversikt over tap av skog i verda, og blir drive av den amerikanske tenkjetanken World Resources Institute.

Regnskogen som forsvann i fjor svarar til om lag heile arealet til Sveits, skriv den norske regjeringa på nettsidene sine.

Auka avskoging

Hovudårsaka til at regnskogen forsvann, var menneskeleg avskoging.

Avskoginga av regnskogen auka med om lag 10 prosent samanlikna med 2021. Kvart minutt forsvann urørt regnskog på storleik med 11 fotballbaner.

Utsleppa frå avskoginga var på 2,7 milliardar tonn CO₂. Det er like mykje som dei årlege fossile utsleppa til India, som er verdas mest folkerike land.

– Kraftig varsel

Avskoginga gjekk hardast ut over regnskogen i Brasil og i Kongo. Brasil stod for over 40 prosent av skogtapet.

I Indonesia og Malaysia har ein greidd å bremse avskoginga.

– Framleis høgt tap av tropisk regnskog er eit kraftig varsel til heile verda. Heldigvis er det fleire signal som tyder på at trenden vil snu, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

Optimisme i Brasil

2022 var det siste året med Jair Bolsonaro som president. Under Bolsonaro auka avskoginga. Brasils nye president Lula da Silva har lova å prioritere regnskogen. Førebelse tal tyder på at avskoginga har gått ned med 30 prosent i løpet av dei første fem månadane hans ved makta.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide Foto: Cecilie Stuedal

– Dette gir stor grunn til optimisme, og det er eit bevis på at politikk verkar, seier Espen Barth Eide.

Regjeringa peikar på at tap av regnskog fører til at vi mistar eit viktig verktøy for å stogge klimaendringane i tråd med Parisavtalen og for å bevare natur i tråd med Naturavtalen som blei vedteken i Montreal i fjor.

I tillegg til utslepp frå avskoging, er regnskogen viktig for klimaet fordi han tar opp store mengder karbondioksid. Regnskogen har òg ei viktig rolle ved at han er med på å regulere temperatur og nedbør, og han er ein viktig stad for biologisk mangfald.