Sandra Borch si masteroppgåve blir annullert

Den tidlegare forskings- og høgare utdanningsministeren mistar mastergraden i rettsvitskap etter fuskesaka.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det opplyser Sandra Borch (Sp) sjølv i ei pressemelding. Borch gjekk i januar av som statsråd for forsking og høgare utdanning etter avsløringar om plagiat i masteroppgåva hennar.

– Eg har gjort feil og slurva og tek sjølvsagt konsekvensane av det. Eg aksepterer at masteroppgåva mi blir annullert og kjem ikkje til å klage på vedtaket, uttalar Borch.

Senterpartipolitikaren blir derimot ikkje utestengd frå Universitetet i Tromsø. For å få tilbake mastergraden, må ho skrive ei ny masteroppgåve.

– Eg er motivert for å skrive ei ny masteroppgåve og vil prøve å finne tid til det. Utover det reknar eg saka som avslutta frå mi side og vil framover ha fokus på å jobbe med viktige politiske saker i justiskomiteen og som stortingsrepresentant for Troms, uttalar ho.

Politikaren mistar òg juristtittelen, som følgjer graden. Det stadfestar stabsdirektør Julie Holte Sempler i universitetsleiinga til NRK.

Borch har erkjent å ha slurva i arbeidet med masteroppgåva, men seier at ho ikkje har juksa bevisst.

Vedtaket frå Universitetet i Tromsø v/ nemnda for studentsaker:

I vedtaket skriv nemnda mellom anna:

«Nemnda mener at vilkårene i uhl. § 4-7 første ledd bokstav b er oppfylt, at Borch har fusket og at resultatet fra masteroppgaven må annulleres. Vitnemålet må trekkes tilbake, jf. uhl § 4-7 femte ledd. Borch utestenges ikke etter uhl. § 4-8 tredje ledd, da det er nesten 10 år siden hun avla eksamen.»

Kjelde: Pressemelding frå Senterpartiet