EU vil kriminalisere øydelegging av økosystem – bedriftsleiarar kan få fengselsstraff
EU innfører meir omfattande lovar og strengare straffer for miljøkriminalitet.
EU-parlamentet vedtok nyleg eit nytt direktiv som i ytste grad kan gi daglege leiarar og styremedlem i bedrifter inntil 10 år i fengsel for miljøkriminalitet. Den strengaste straffa trer inn dersom bedrifta deira gjer seg skuldig i miljøkriminalitet som fører til dødsfall blant menneske.
I tillegg til skjerpa straffer i form av fengselsstraff og bøter, omfattar det nye direktivet endå fleire lovbrot.
Miljøkriminalitet har vakse med stor fart, og har på få år blitt den fjerde største kriminelle sektoren i verda. Men lovverka er avgrensa og straffene er veldig låge. Nettopp dette ønsker EU no å gjere noko med.
– Bedriftsleiarar kan ta risikoen med å få ei bot, men dei ønsker ikkje å verte personleg involverte. Dei ønsker aldri å hamne i fengsel, seier Antonius Manders, medlem i EU-parlamentet frå Nederland, til Euronews.
Individ kan bli straffa om dei var klar over konsekvensane av handlingane sine, og om dei hadde moglegheit til å stoppe dei.
Nye lovbrot
Det nye direktivet inneheld ei ny liste over lovbrot, som inkluderer mellom anna ulovleg tømmerhandel, tømming av vassressursar, alvorlege kjemiske utslepp og ureining frå skip.
Direktivet dekker også tilfelle av store skogbrannar eller omfattande ureining av luft, vatn eller jord, som fører til at eit økosystem vert øydelagd. Slike tilfelle vert samanlikna med «miljømord» (ecocide).
Bedrifter som bryt lovene kan få bøter som svarar til inntil 5 prosent av omsetninga deira, eller inntil 40 millionar euro.
– Avgjerande
Marie Toussaint, eit fransk medlem i EU-parlamentet, kallar direktivet «ein av dei mest ambisiøse lovgjevnadane i verda».
– Det nye direktivet opnar ei ny side i historia til Europa, og gir vern mot dei som skadar økosystem og, gjennom dei, menneskeleg helse. Det vil sette ein stoppar for miljømessig straffefridom i Europa, noko som er avgjerande og som hastar, seier ho til Euronews.
Medlemsstatane i EU har to år på seg til å implementere direktivet i sine eigne lovverk. I Noreg vert saka behandla som ei lovsak i Stortinget.