Folket har røysta – desse dialektene skal Donald snakke

Fredrikstad-dialekt vart soleklar vinnar då lesarane skulle røyste over kva dialekt Donald og venene hans skal snakke i spesialutgåver av bladet i 2024.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Over 9 000 røyster vart talde då Donald Duck Co. skulle ta avgjerda om kva for dialekter karakterane i Andeby skal få bryne seg på i løpet av 2024.

75-års jubileum

Det er i år 75 år sidan den første norske utgåva av Donald-bladet vart publisert, og utgivar Egmont skal markere jubiléet ved å gi Donald-figurane ulike norske dialekter i ein serie spesialutgåver av bladet gjennom året.

Etter innspel frå lesarane valde Egmont ut 12 dialekt-kandidatar, og no er fire vinnarar valde ut:

Fredrikstad-dialekt (over 3 200 røyster)

Vinjemål (over 2 700 røyster)

Hedmarking (over 1 000 røyster)

Gudbrandsdøl (over 600 røyster).

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Donald Duck & Co (@donaldduck_norge)

Donald på sørlandsk

Donald har allereie starta dialekt-eventyret sitt. I tillegg til dei nemnde dialektene som publikum har røysta på, har bladet på førehand bestemt at Donald-historier skal omsettast til bergensk, nordsamisk, sørlandsk og trøndersk. Den første historia, der endene fekk bryne seg på sørlandsdialekt, vart trykt i februar. Det var youtubar Christopher Robin Omdahl frå Mandal som omsette historia.

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Donald Duck & Co (@donaldduck_norge)


Teikneserieskapar og illustratør Martin Ernstsen (36) trivst godt, men er ikkje sikker på om han vågar å anbefala yrket til andre. Foto: Esra Duzen