Donald Duck feirar 75 år i Noreg – neste år får han dialekt

Verdskjende Donald Duck får snart ei norsk språkleg overhaling. Neste år blir den elskverdige teikneseriefiguren nemleg å finne med særeigne norske dialektar.

NPK-NTB
Publisert

Fleire generasjonar med nordmenn har eit forhold til den hissige men elskverdige anda i blå matrosdrakt frå Andeby som i snart 75 år har vore å finne i teikneserieblad i Noreg.

Dei fleste kjenner han godt. Dei veit at han er ein hissig, egoistisk, lat og uheldig and, men også at han er litt romantisk av seg, eventyrlysten og omtenksam. Men dei færraste har kanskje tenkt over kva slags dialekt han snakkar utover «kvakk». Det vil teikneserieskaparane i Noreg endre på.

Gjennom heile neste år skal Donaldbladet ha fokus på ulike norske dialektar i samband med at det er 75 år sidan den første norske utgåva av «Donald Duck og Co» kom ut i Noreg.

Opp til lesarane

I spesialutgåver av bladet vil kjende ambassadørar for utvalde dialektar omsetje ei Donald-historie til den lokale språkdrakta si.

– Dialektane i dei fire første utgåvene er førehandsbestemt, men deretter er det opptil lesarane å bestemme kva dialektar Donald skal snakke, skriv utgivar Egmont i ei pressemelding.

Allereie er det bestemt at Donald og resten av gjengen i Andeby skal få prøve seg på ein bergensk, sørlandsk, nordsamisk og trøndersk dialekt.

Resten er opptil lesarane.

Donald Duck & Co fyller 75 år i Noreg neste år. | Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Lesarkåringa blir avslutta 3. juledag, og finalistane vil vere klare i midten av februar.