Sondre Justad får Blix-prisen: – Ein sterk ambassadør for nordnorsk talemål

Artisten blir løfta fram for å ha teke nordnorsk dialekt inn i popmusikken.

NPK
Publisert

Sondre Justad blir tildelt Blix-prisen, mellom anna fordi han har vore ein tydeleg og synleg formidlar av nordnorsk dialekt i popmusikken og når eit stort, ungt publikum.

Juryen peikar på at Sondre Justad har hatt stor suksess sidan albumdebuten i 2015, med låtar som «Riv i hjertet», «Ikke som de andre», «Sorry» og «Gjør det igjen». Dei trekkjer særleg fram at «Riv i hjertet» var den mest spelte norskspråklege låta på radio i 2015.

– «Sondre Justad har sidan album-debuten i 2015 hatt stor suksess med fengande låtar …», skriv juryen.

Har teke dialekten inn i popen

Ifølgje juryen har mange nordnorske artistar sunge på nordnorsk sidan 1970-talet, men då oftast innan visesjangeren.

Justad blir løfta fram som ein del av ein ny generasjon som «for alvor har teke nordnorsk dialekt inn i popmusikken».

Juryen rosar òg tekstane hans, som dei omtalar som nakne, ærlege og sanselege, om alt frå kjensler og relasjonar til eksistensielle spørsmål og kvardagslege detaljar som har brei appell.

Syng med over heile landet

Juryen viser til dokumentarfilmen Riv i hjertet (2024), der ein får sjå korleis publikum frå heile landet har lært seg tekstane og syng med på konsertane.

– «Justad er såleis ein sterk ambassadør for nordnorsk talemål, og derfor ein verdig vinnar av Blix-prisen», heiter det i grunngjevinga frå juryen. Blix-prisen er på 15.000 kroner og blir delt ut årleg til ein framifrå nordnorsk forfattar. Det skal leggjast vekt på å heidra yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom.

Juryen har bestått av Hallvard Andre Kjelen, Anne O. Bjørkli og Aslaug Eidsvik.