Auka pågang for Mental Helse Ungdom:

– I mangelen på betre tilbod, tek mange kontakt med oss

Mental Helse Ungdom sin hjelpechatt hadde 4846 samtaler i heile fjor. I år er dei allereie på over 1200.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi tolkar det som at behovet er mykje større enn det vi klarer å dekke.

Det seier Hannah Lerfaldet frå Mental Helse Ungdom. Ho jobbar med utvikling av Hjelpechatten, eit lågterskeltilbod for dei mellom 18 og 36 som treng nokon å snakke med.

I januar i år kom det inn 139 prosent fleire førespurnader enn januar i fjor. I tillegg ser dei at det er jamn aktivitet på nettsidene deira, gjennom heile døgnet.

Sjølvmordstankar, depresjon, familie, einsemd og kjærleik er det som kjem opp mest.

– Veldig mange som slit med psykisk uhelse har kanskje fleire av desse tinga. Dei kan ha problem med familien som ein ynskjer å snakke om, men dei kan også ha sjølvmordstankar.

Ho presiserer at sjølvmordstankar er ganske vanleg, og ikkje treng å bety fare for liv og helse, sjølv om dei også har dei samtalane.

Får ikkje hjelpa dei treng

Helene Fosse er open om eigne opplevingar i psykiatrien, og har prata med mange om liknande erfaringar. Foto: Helene Fosse

– Når eg høyrer dei tala tenker eg at veldig mange ikkje får den hjelpa dei treng, seier Helene Fosse.

Ho omtaler seg sjølv som ein psykisk helse-aktivist. Fosse deler erfaringar som pasient i psykiatrien på sosiale medium og i podkasten «Psykt Åpen».

– Eg trur det er mange som ikkje føler seg forstått, og det er ein veldig ressursmangel i helsevesenet. Det gjer også at dei stakkars menneska som jobbar på DPS er tynnslitne.

DPS er distriktspsykiatrisk senter, og er dei med ansvar for psykiatritenesta rundt om i landet.

Kan ikkje garantere vidare hjelp

– Det ser vi mykje, at i mangelen på andre og betre tilbod, er det mange som tek kontakt med oss, fortel Lerfaldet frå Mental Helse Ungdom.

Nettopp det å tilråde å oppsøke hjelp frå fleire, inkludert den offentlege helsetenesta, seier ho er ein viktig del av arbeidet deira. Dei frivillige kan hjelpe med å setje ord på kva slags plager ein har til fastlegen.

– Men så er det ingen garanti at dei får ei tilvising vidare, eller for at køen til behandling er kort eller lang.

Det synest ho sjølv er frustrerande å sjå. Samstundes vil ho ikkje at færre skal ta kontakt med hjelpechatten, uansett om ein tenkjer at problema ikkje er «alvorlege nok» til å ta opp tida deira.

– Vi har plass til alle. Viss du har eit problem som du er oppteken av og som er vanskeleg for deg, så er det det som er viktig. Det er ikkje relevant kva alle andre slit med.

Spesielt unge er utsette

Det ser ikkje ut til at folk kjem til å slutte å ta kontakt. Totalt i 2023 var det 4846 samtaler. I år ligg dei allereie på over 1200. Snittlengda på samtalene ligg på litt under 40 minutt.

Like under 45 prosent av dei som tek kontakt er 18 til 24 år.

Lerfaldet trur det har med alt som kan dukke opp når du skal flytte ut og etablere deg, og peikar på at dei får ekstra mange som tek kontakt knytt til studiestart i august.

– Alle dei store spørsmåla i livet melder seg jo veldig i den alderen. Mange opplever også psykisk uhelse ordentleg for fyrste gong, og veit ikkje korleis dei skal setje ord på det. Så då er det veldig fint at dei tek kontakt med oss, så kan vi hjelpe.

Den siste tida har også krig vore eit tema som ofte blir teke opp.

– Det kan vere alt frå at ein er redd for at det skal bli krig her, til at ein har familie på Gazastripa. I tillegg er dei i ein alder med mykje aktivisme og idealisme der ein skal henge med på alt. Det er viktig å setje grenser for kva ein tek inn over seg, og kor mykje ein skal sjå av det som skjer.

Vil ha meir pengar til DPS

Helene Fosse meiner det er viktig å balansere engasjement og psykisk helse. Foto: Helene Fosse

Helene Fosse kjenner seg att i skildringane til Lerfaldet, og synest sjølv det er vanskeleg å balansere engasjement med eigen psykisk helse.

– Men det hjelper ikkje folk i Gaza at eg blir endå meir deprimert.

Ho påpeiker også at aldersgruppa det er snakk om også var sårbare under pandemien, og at dei som hadde dårleg tilgang på hjelp då, ikkje nødvendigvis har blitt betre.

– Det er litt som å få eit djupt sår. Då treng ein ordentleg faghjelp. Dersom ein må ta til takke med berre plaster kan det bli verre på lang sikt.

Fosse meiner løysinga er at staten prioriterer meir pengar til DPS, slik dei kan ta seg av pasientane som treng det.

– Hjelpechatten er eit veldig fint tilbod som kan hjelpe mange i ein storm, men kan ikkje vere det einaste når du er ordentleg psykisk sjuk.