Slik handterer du psykisk helse i sosiale medium: – Fort gjort å bli dratt ned i eit hol

Thea Sofie Amundsen i Psyktærlig deler råd for betre psykisk helse i sosiale medium.

Åshild Slåen
Publisert

– Viss ein sjølv har det vondt og vanskeleg, oppsøker ein gjerne ein liknande tematikk på sosiale medium.

Det seier Thea Sofie Amundsen, nestleiar i stiftinga Psyktærlig på telefon med Framtida. Dei er ei foreining med personar som vil endre korleis psykisk helse blir prata om, spesielt på sosiale medium. Alle har enten fagleg kunnskap om psykisk helse, eller eigenerfaring med tematikken.

Amundsen meiner det er viktig å dele ting på ein konstruktiv måte.

– Vi er veldig opptekne av sunn openheit.

For to veker sidan kom det rapportar frå Amnesty som viste at TikTok har ein tendens til å dytte videoar om sjølvmord og sjølvskading opp i nyheitsstraumen til unge. Dei som allereie er interessert i tema rundt psykisk helse er spesielt utsette.

Blir dratt inn i eit destruktivt hol

Rapporten stadfestar noko Amundsen sjølv har høyrd frå unge som tek kontakt med organisasjonen. Det er veldig lett å bli fanga opp i spiralar på medium som TikTok, der algoritmen serverer deg det han trur du vil sjå meir av.

Thea Sofie Amundsen, nestleiar i Psyktærlig.

– Eg tenker jo at det funnet er veldig lett å kjenne att, det er noko som er reelt og som mange unge kjenner seg igjen i.

Ho meiner at det er viktig å vere medviten både på kva ein deler sjølv, og kva ein får opp på mobilen og tek inn over seg.

– Viss ein deler frå eit sjukt perspektiv kan det bli ein konkurranse om å ha det verst. Ein blir påverka av det ein ser, og fort dratt ned i eit hol der ein berre blir treft med destruktive tankar.

Det betyr ikkje at ein ikkje skal dele erfaringar om psykiske helse på sosiale medium, eller at ein ikkje skal oppsøke det. Amundsen er oppteken av at det skal skje på ein sunn måte, og har fleire tips for korleis ein kan sikre ein betre TikTok-feed.

Godt nettvett som skrollar

1. Tilpass innhaldet

Det er viktig å hugse at ein også kan velje bort spesifikt innhald på TikTok, det må berre litt meir til enn på andre plattformer.

På TikTok er det mykje som kjem opp på «for deg»-sida som du ikkje sjølv bestemmer, men du kan tilpasse innhaldet du blir vist. Du kan aktivt trykke på videoar og velje at du ikkje er interessert i innhaldet. Du kan også tilpasse innstillingane på profilen til såkalla «restricted mode», som avgrensar fleire funksjonar og typen innhald som blir vist.

2. Følg gode kanalar

Det er profilar og kanalar som pratar om både sjølvskading og sjølvmord på ein sunn måte. Ver kresen i kven du følgjer.

Råd basert på eigenerfaring og fagleg input er nyttigare.

3. Ikkje samanlikne

Det er lettare sagt enn gjort, men det er viktig å ikkje samanlikne sine eigne opplevingar for mykje med andre.

Det er inga konkurranse, og eigenerfaring knytt til psykisk helse burde delast for å spreie kunnskap, bevisstgjere, skape ein trygg arena for å snakke om et sårt tema, vise at ingen er åleine, skape openheit, og bryte fordommar.

4. Tar innhaldet meir enn det gir?

Å kjenne på store kjensler når du ser informasjon om sjølvskading er normalt og legitimt, men det er grenser for kor mykje det skal påverke deg.

Ein god indikator på det kan vere å kjenne etter om det er destruktivt eller konstruktivt, for eksempel om innhaldet tek meir enn det gir.

5. Oppsøk hjelp om det blir for mykje

Ein trygg person å prate med om det du ser og føler er viktig å ha. Samstundes er det også fleire lågterskeltilbod tilgjengeleg. Psyktærlig sin eigen hjelpechat har opent på kveldstid, måndag onsdag og fredag. Andre tenester er hjelpetelefonen til Mental Helse (116 123).

6. Slett appen ein periode

Om alt det andre ikkje hjelper er det ein solid kur: slett appen, om berre for ein periode. Då er det ikkje like enkelt å oppsøke innhald som gjer kvardagen vanskelegare.

Om du derimot er ein av dei som lagar og postar innhald, har ho tre råd:

1. Ver konstruktiv

For at openheita skal kunne definerast som «sunn» er det viktig at det er eit poeng i å dele.

Her er nokre spørsmål ho tilrår å stille seg, før du legg ut ein video eller post:

  • Er innhaldet opplysande?
  • Bryt det med tabu?
  • Kan det hjelpe andre?
  • Unngår du generelle triggarar som grafiske detaljar, bilete og eit meir destruktiv fokus?

2. Sjekk korleis du har det før du legg ut

Det er viktig at ein sjølv er komfortabel med det ein deler.

  • Klarer du å prate om det med ei viss avstand?
  • Har du eit reflektert forhold til det du pratar om?
  • Har du mange tunge kjensler som er vanskeleg å handtere?

Om svaret er ja, er det lurt å vurdere om du faktisk skal legge ut noko der og då.

3. Ver førebudd på responsen

Det er viktig å hugse at det ein deler kan få varierande respons. Det kan nå eit publikum ein ikkje ønskjer skal sjå det, og det kan bli på nett for alltid.

Det er viktig å tenke seg om ein ekstra gong, før ein deler om tema som er vanskelege og lett kan trigge andre.