USN avsluttar samarbeid med universitet i Israel
Universitetet i Søraust-Noreg seier opp samarbeidsavtalane sine med to israelske universitet. Rektoren seier at det ikkje er snakk om ein akademisk boikott.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Leiinga ved USN er skaka over Israels angrep på Gazas sivilbefolkning og infrastruktur, og den katastrofale humanitære situasjonen som no rår på Gaza, seier rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson i ei pressemelding.
Det er avtalane med Universitetet i Haifa og Hadassah Academic College i Jerusalem som blir sagd opp.

Dette er eit av universiteta USN seier opp samarbeidsavtalen med i Israel. Foto: Shachar Regev, Hadassah Academic College, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons
– Vi ønskjer å gi ein tydeleg beskjed om at krigføringa som staten Israel no utfører på Gaza er uakseptabel, og undergrev det demokratiske fundamentet som alle universitet skal byggje på, seier Bing-Jonsson.
Rektoren meiner likevel at det ikkje dreier seg om ein akademisk boikott.
– Akademisk fridom er ein kjerneverdi for oss, og samarbeid på tvers av landegrenser er viktig for å halde oppe dialog også i konfliktområde, derfor ønskjer vi ikkje ein boikott, seier ho.